Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Førebur seg på Todalsdagen komande laurdag

Jon Olav Ørsal Måndag 22. juni 2020

Todalsdagen har lang tradisjon i Todalen Idrettslag. Det har liksom vore hovudinntekskjelda til idrettslaget og eit høgdepunkt med både fotball, loppemarknad og anna program i overgangen frå vår til sommar.  På grunn av situasjonen som har oppstått i samband med handtering og regelverk for koronaviruset såg det ut for at arrangementet måtte avlysast.  Etter som situasjonen har utvikla seg er det no gjeve ein opning for eit begrensa arrangement på Bordholmen komande laurdag, seier Nils Ove Bruset som er leiar i Todalen I.L. 

Kommitemøte for Todalsdagen med korrekt avstand til kvarandre. Frå venstre Lars Stensby, Nils Ove Bruset, Ola H. Dalsegg, Borghild B- Talgø, Ingvild Kårvatn, Knut Bergli og Oda Halle. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er no klar at ein vil kunne arrangere mosjonsløpet Ræta Opp, om enn i ein litt forenkla variant og delt opp i fleire hit.  Men fotballturneringa som egentleg er eit av fundamenta i Todalsdagen må nok vente til neste år.  Men det vil nok bli både grilling og loppemarknad i tillegg til Ræta Opp.  Kommiteen har møte i kveld for å klarlegge detaljane for arrangementet, og vi vil nok kunne presentere eit meir detaljert program alt i morgon. 

No skal sponsorskilta opp og blir montert godt synleg på tribuanane. Frå venstre Anders Todalshaug, Einar Husby og Lars Stensby.

På Bordholmen har det vore dugnad for å pusse opp anlegget til Todalsdagen og i kveld var anleggskomiteen i arbeid med å montere reklameskilta på tribunen.  Her vil sponsorane bli profilert med sine reklameskail for resten av sommaren.

Publisert: 22. juni 2020, 19:53