Inviterer til tur på Ranessetra
Torsdag 20. august går turen til Ranessetra. Vi samles ved bommen, fyller bilene og kjører derfra til vanlig tid, kl 11, skriv Stavganggruppa i en epost.
Vi fann 7236 artiklar i dette arkivet.
Torsdag 20. august går turen til Ranessetra. Vi samles ved bommen, fyller bilene og kjører derfra til vanlig tid, kl 11, skriv Stavganggruppa i en epost.
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen I.L. melder at det blir friidrett på Bordholmen følgjande torsdagar framover:
20. august kl. 17:30 – 18:30
27. august kl. 17:30 – 18:30
3. september kl. 17:30 – 18:30
10. september kl. 17:30 – 18:30
17. september kl. 17:30 – 18:30
Lørdag 5. og søndag 6. september er datoen for årets siste mulighet til å gjennomføre nybegynnerkurs «Veien-Til-Golf» i regi av Surnadal Golfklubb. Les vår «invitasjonsplakat» til kurset, med info om tidspunkt, påmelding osv.
I dag vart dugnadsgjengen samla for å legge torvtak på gapahuken på Tjønnmyra. I samband med bygging a ny lysløype her vart det sett opp ein stor gapahuk, slik at det skulle være ein plass å kome under tak. Gapahuken har mange fasilitetar og er nok medverkande årsak til at anlegget er så mykje bruka – både vinter og sommar.
Nyferja Stangvikfjord la til kai på Kvanne i dag. Snart er ho klar for å ta fatt på oppgåva med å frakte folk og bilar over fjoren i sambandet Kvanne – Rykkjem. Den opprinnelege plana var egentleg at den skulle settes i trafikk i løpet av våren, men som så mykje anna vart også nyferja forsinka av situasjonen som har oppstått i samband med koronaviruset.
Ved Todalen Mjølk i Pestua saknar dei 3 kviger som på eit eller anna vis har rømt i løpet av natta. Alt tyder på at dei har vore skikkeleg skremt av eit eller anna, for dei har forsert ei grind i full fart, fortel Anders A. Karlsen til Todalen.no. No er dei på rømmen og vi har ikkje sett snurten av dei, sjølv om vi har vore ute og rekonosert rundt omkring i bygda.
Tysdag 18.8. går turen for Fjellgruppa i pensjonistlaget til Storhaugen i Todalen. Vi parkerer attafor Todalshytta og går ein fin rundtur – start kl 11:00. Ta med matpakke! Turvertar er som vanleg Tor Asle, Brage og Kristian. Alle er velkomne til å bli med på tur!
Etter to månader med eit eventyrleg laksefiske så ebbar sesongen ut natt til søndag. Laurdag 15. august kl 24:00 er det slutt for laksefisket i Toåa for i år. To dagar før slutt er status at det er teke 146 laks på til saman 512 kg.
Vi startet høstsesongen ikke bare i annen kommune, men også i annet fylke! Det får så være! Igltjønna fortjener besøk uansett. Det er så fint der, og å vandre på stien rundt tjønna gir ro i kroppen og fred i sjela, skriv Bitten Ranes i en e-post til Todalen.no
Kommuneoverlegen testar no bredt etter at han slit med å finne smittekjelda til personen som fekk påvist covid 19 på måndag. Foreløpig er 15 personar i karantene etter å ha vore i kontakt med den smitta. Kommuneoverlegen oppfordrar no folk som har vore ute og reist om å teste seg.
Laurdag 22. august er du invitert til å bli med på haustens finaste løpetur – enten som deltakar eller som publikummar. Den dagen går nemleg Kårvatn Skyrun av stabelen, og dersom vêrgudane spelar på lag blir det ei stor oppleving, både for deltakarane og for publikum. Du er garantert naturoppleving av ypparste klasse.
Da er du velkommen til å bli med i koret vårt, Tordenskjold songlag, skriver leder Elsa Kvande i en e-post til Todalen.no. Oppstart er onsdag 19.august kl. 19.00 i Svorkasalen på Surnadal kulturhus.