Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein eventyrleg sesong i Toåa

Jon Olav Ørsal Fredag 14. august 2020

Etter to månader med eit eventyrleg laksefiske så ebbar sesongen ut natt til søndag. Laurdag 15. august kl 24:00 er det slutt for laksefisket i Toåa for i år.  To dagar før slutt er status at det er teke 146 laks på til saman 512 kg.

Tre glade lakser – Per Ørsal og Rune Holtberget poserer saman med laksen «Ethelbert» til ære for fotografen. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Uvanleg mykje snø i fjellet har sikra god vassføring og dermed godt fiske gjennom heile sesongen i Toåa.  Alt første dagen – 15. juni – sikra Johan Nygård frå Vågland seg to store laksar på 9,75 og 8,3 kg.  Sia har det gått slag i slag med godt fiske gjennom heile sesongen som no går mot slutten. Etter midtsesongevalueringa har imidlertid all hofisk vore freda. Det har nok påverka resultatet i den siste halvdelen av sesongen.

Mest storlaks var det i starten på sesongen, medan det den siste tida har vore eit godt fiske for både smålaks og sjøaure.  Dette har påverka gjennomsnittsstørrelsen som har gått ned og ligg i dag på 3,5 kg.  Rapporteringa til laksebørsen er delt i 5 soner, der sone 3 (mellom Øyabrua og Brusetbrua) kan skilte med dei største laksane og sone 2 (mellom Halset bru og Øyabrua) har flest laksar med 70. Årets største laks så langt er på 11 kg og er teken i sone 4 (mellom Brusetbrua og Hengebrua).

Publisert: 14. august 2020, 03:56