Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7214 artiklar i dette arkivet.


Ny sesong for stavgangarane – start i Bøfjorden på onsdag.

Jon Olav Ørsal Måndag 28. april 2025

Stavganggruppa til pensjonistforbundet i Surnadal startar vårprogrammet komande onsdag, 30. april i Bøfjorden. Da er det Steinholmlia som er målet, og starten går frå Settemsøra, der det er plass for parkering. Da er alle velkomne til å bli med, og du blir oppfordra til å ta med ein turvenn. Den første turdagen er altså på ein onsdag, men vidare gjennon sesongen er det torsdag som er turdagen for Stavganggruppa, seier Wenche Kvendset til Todalen.no.


Todalen båtforening kallar inn til årsmøte – korrigert

Jon Olav Ørsal Sundag 27. april 2025

Todalen båtforening kallar inn sine medlemar til årsmøte fredag 16. mai kl 17.  Årsmøtet blir halde i båthamna dersom det blir brukbart vêr – alternativ blir møtet flytta til kantina i 2. etasje på Talgø, melder styret i båtforeninga.

Bla vidare, så finn du sakliste og fullstendig innkalling som er lagt ut.  


Prisar våren på Syltøran

Jon Olav Ørsal Fredag 25. april 2025

Alt på nittitalet starta Eiksenteret med «Vårtreff», der dei inviterte sine kundar til butikken i Industrivegen for å vise fram aktuelt utstyr – før våronna starta for fullt. I år er treffet litt prega av det store byggeprosjektet som Eiksenteret er i full gang med.


Måndag er det kyrkjegardsdugnad

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. april 2025

Todalen sokneråd inviterer til dugnad på kyrkjegarden komande måndag 28. april frå kl 18:00 og utover.  Da skal vi pynte opp både utvendig og innvendig, fortel Borghild Talgø som er leiar i Todalen sokneråd.  Derfor oppfordrar ho til å ta med høveleg utstyr både til hagearbeid og reinhald inne.


Har du mista hjulmutter?

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. april 2025

Det er Kjell Gunnar Polden som lurar på om du eller nokon annan har mista ein hjulmutter.  Den vart funne på vegen utafor Hett & Svett/Talgø, og han oppfordrar deg som har skifta hjul til å sjekke om det kanskje er fleire lause muttrar.  Det kan være skikkeleg skummelt å miste hjul – ta ein […]


Yogakurs for nybynnere høsten 2025

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. april 2025

Til høsten blir det Yogakurs for nybegynnere på Atleta i Surnadal. Da ønskes du velkommen til nok et yogakurs med Eli Vullum Kvande (SOL. Pop-up yoga) og Marit Dalsegg Bruset som intruktører.


Lang tradisjon med friluftsgudsteneste og godvêr på andre påskedag

Jon Olav Ørsal Måndag 21. april 2025

Friluftsgudstenesta har lang tradisjon i Todalen – først i mange år på Haugligardane og no i fleire år på Tjønnmyran, slik som i dag.  Og tradisjonen er mesta like lang med finvêr på 2. påskedag, sjølv om det kom 4-5 småe regndropar da folk var på tur oppover bakkane til Tjønnmyran.  Men dei vart aldri meir enn nokre få. Eit femtital fann vegen til friluftsgudstenesta på Tjønnmyran i dag, og det vart ein triveleg dag, sjølv om sola glimra med sitt fråvær – det var god temperatur og omtrent ikkje vind, og da blir det da bra.


Årets første thaibuffe på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. april 2025

I ettermiddag og utover kvelden byr Todalshytta på årets første Thaibuffe.  Da vi stakk innom no i formiddag var Kik, Ning og Cristy i full gang på kjøkkenet med førebuing av mange smakfulle rettar.  Dei tre er er profesjonelle på ekte heimlaga thaimat som er laga frå grunnen av. 


Høg trivselsfaktor for Gunnøydilten

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. april 2025

Trimgruppa i Todalen I.L. samla nærare 200 deltakarar til Gunnøydilten som gikk av stabelen i dag.  Trimgruppa hadde rigga seg til i gapahuken ved Båthølen, der det både vart servert bålkaffe med sjokoladekake, kanelsnurrar og mykje anna godt til kaffen – og sjølvsagt var det pølser med brød på menyen for dei som ville ha ein enkel middag i dag. 


Langfredag i Åsskard: Påskesongmesse

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. april 2025

Den årvisse Påskesongmessa i Åsskard samlar essensen av ei innhaldsrik høgtid. Mange seier dei set pris på denne kveldsvandringa i ord og musikk.
Songsolistane Sigrid Vetleseter Bøe og Turid Røen Kroknes, koret Prosjekt 17 og ein musikkvartett let klassisk påskemusikk (Pergolesi, Mozart, Bach og Handel) tolke sterke høgtidstekster.


Påminning: Gunnøydilten i rute til skjærtorsdag!

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. april 2025

Skjærtorsdag 17. april er det klart for Gunnøydilten i Toåa tursti, med start frå Bønnavollan eller Halsabrua i tidsrommet 12 – 15.  TILs trimgruppe har base ved gapahuken i Båthølen, der det blir sal av kaffe, kaker, pølser og brus.


Årets bilete til Frode – vart hedra på årsmøtet

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. april 2025

Frode Grønmyr gjekk til topps i konkurransen om «Årets bilete» i Todalen.no. Med biletet «Nordlys over Romådalen» sikra han seg førstepremien som var ei innrama forstørring av det flotte biletet. Det var styreleiar Stig Husby i Todalen.no som overrekte premien på årsmøtet til Todalen.no, og han sa at det var eit bilete som utmerka seg i konkurransen, der dei 12 månadsvinnarane var kandidatar i avstemminga om årets bilete.