På iskanten 78 gr nord månadens bilete i april
Breaking news frå april… i juni! Gratulerer til Anne Søyset, som med det gnistrande biletet På iskanten – 78° nord vart kåra til månadens bilete for april.
Vi fann 146 artiklar i dette arkivet.
Breaking news frå april… i juni! Gratulerer til Anne Søyset, som med det gnistrande biletet På iskanten – 78° nord vart kåra til månadens bilete for april.
Ein månad lengre ut i året, og det er tid for å finne det beste bidraget til dagens bilete i april. Og ikke overraskande hadde månaden både siste rest av vinteren og vårteikn i seg.
Nok ei påske er på hell, og nok ein påskekrim er kome til løysinga. Om du sit igjen med like mange spørsmål som svar etter denne delen så er det heilt normalt. Noko må jo være slik som det aillvæg ha vårre. Eller?
Påskekrimmen sine vegar er uransaklege. Det nærmar seg løysing og oppstandelse, men først må vi gå litt rundt grauten. For kven fann eigentleg på det å putte graut på bakels? Og kva er det med kanelmønster som puttar Sunndal i den? Smær, betre enn rømme? Og kva skjedde med risgrynsgrauten på laurdagen? Så mange spørsmål, så lite grautgravetid.
Jada, krimforfattaren veit at det ikkje er greit å la lesarane henge i lufta midt i ei setning og ikkje avslutte dagsepisoden. Men det blir ikkje lova noko bøt og betring på det. La oss ta opp tråden frå i går utan å tenkje for mykje på om abakle eigentleg er eit ord eller ein nedarva talefeil. For like naturleg som bakels og græt, kjøtt å påsse og ananas på pizza, var det å svinge innom Halsbua for ei påskelaurdagsoppdatering og etterfylling av påskeegget.
Det er klar for del 3 av påskekrimmen. I dag med nystekt rapport frå Skihytta og fakta du ikkje viste du trong om familien Lægreid. For kanelsnurr-søget har knapt lagt seg etter gårsdagens vellukka dilt på flatmark, og i dag er det duka for ein til. Nemleg sjølve ur-dilten der det ikkje er omågjort å kome først, men å treffe idealtida. Det er på tide å la pokalen vandre!
I del 2 av påskekrimmen står draumen om vårteikna i kø ved bredda av elva. Men la deg ikkje bli bedøvd av tanken om pollen og søget frå Toåa, for skal mysteriet bli oppklart må alle sansar vere like krystallklår som ein Halling tikkje tå blæst´n.
Påskemorgon skal slukke sorgen, men først skal vi løyse eit mysterie saman. Så det er berre å helle oppi meir kaffi i koppen, smøre hjarnecellene med rett farge Swix og snurre på Poirot-barten – her kjem nemleg del 1 av årets påskekrim!
Du trudde kanskje ikke det vart påskekrim i år? Nåh-nei, frå og med i morgon (onsdag) kjem det tradisjonen tru eit nytt svært lokal og kortreist mysterie med tittelen «Ugler i Sunndalsgrauten – og anna krydder i klisterføret».
Anne Søyset er fotografen bak det beste innsendte bilete i mars her på todalen.no, og det med solnedgang over Godøya som motiv. Vi gratulerer!
Før vi legg mars heilt bak oss og velger oss april, må vi kåre det beste innsendte bidraget til dagens bilete. Klikk deg inn og avgi din stemme før midnatt søndag 13. april.
Torgeir Solheim Moe er meisterfotografen bak bilete som stakk av med sigeren i kåringa av månadens bilete i februar. Vi gratulerer!