Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Årets festivalprogram er klart

Elinor Bolme Onsdag 6. juli 2016

I år er det på ny Stangvikfestival og vi kan presentere et langt og bredt program for siste helga i juli. Som tidligere år er det samlet et knippe med fantastiske artister som gjennom ei hektisk uke øver inn og framfører mange fantastiske produksjoner. Det er konserter, teaterforestillinger, kunstutstillinger, fotballturnering og naturligvis mye god lokal mat forteller Torbjørn Larsen i en pressemelding. -Vi er en kammermusikkfestival med mykje attåt. Derfor har vi i år urfremføring av et verk av Sveriges mest berømte nålevende komponist Sara Renquist.


Avduking av Ethelbert på NRK M&R

Elinor Bolme Måndag 4. juli 2016

I kveld blir det vist eit lite innslag frå torsdagens avduking av fiskestatua på Bruset. Dette skjer på distriktsnyheitene for NRK Møre og Romsdal klokka 18.45.


Soloppgangstur avlyst

Elinor Bolme Måndag 4. juli 2016

Kveldens planlagte soloppgangsturen til Sulå i regi av Norsk Vandrefestival er avlyst grunna dårlige vêrutsikter i kveld/natt. Arrangørane tar sikte på å sette opp ny tur seinare.


Resultatliste Ræta opp

Elinor Bolme Sundag 3. juli 2016

Da har vi fått tilsendt resultatlista fra sekretariatet med alle tidene fra gårsdagens Ræta opp for dei som kan være interessert i desse. Det var som kjent Håvard Gjeldnes som tok seieren, og satte ny bestetid i løypa med sine 11.18.22.


2 glømte sekkar

Elinor Bolme Sundag 3. juli 2016

Opprydningskomiteen melder om to attglømte sekkar etter gårdsdagens Todalsdag. Dei står inne på Bordholmen, så det er berre å svinge nedom der om nokon har kjennskap til dei.


Soloppgangstur til Sulå

Elinor Bolme Sundag 3. juli 2016

«Vi skal ikkje sova burt sumarnatta…» Sommernettene kan by på fantastisk lys, og dette har ikkje Norsk Vandrefestival tenkt å sove bort.Dei inviterer derfor til nattvandring til Nordviksulå i morgon måndag 4. juli. Dette er ein litt utfordrende tur og målet er å sjå sola stå opp saman.


Nok ein vellykka Todalsdag

Elinor Bolme Laurdag 2. juli 2016

Arrangørane av årets Todalsdag kan nok ein gong sjå tilbake på ein særdeles vellykka dag på Bordholmen. Her var det naturleg nok fotballen som var i sentrum heile dagen, med 60 kampar fordelt på tre ulike aldersklassar. Likevel var det mykje anna å bedrive tida på underveis medan ein venta på neste kamp. Her var utsalg av bygdebøker, stort loppemarked, kubingo og ikkje minst Ræta Opp med 126 betalande, som resulterte i 16 000 kroner til fordeling mellom dei to prosjekta «Dindag i dag» og «Sjukt sprek».


Todalsavis i år óg

Elinor Bolme Fredag 1. juli 2016

Også i år er det produsert ei eiga Todalsavis i forbindelse med Todalsdagen. Ho vil bli distribuert i alle postkassar i Todalen, men i denne digitale verden har Idrettslaget sjølvsagt også laga ein versjon du kan bla i her på todalen.no. Her finn du eit innlegg av leiar i Todalen Idrettslag; Steinar Frøystad, kampoppsett, program og informasjon om kva som elles er å oppleve i Todalen denne dagen.


Sommerens store eventyr på Gråhaugen er i gang.

Elsa Jensvold Torsdag 30. juni 2016

To overnattingsleirer med flotte turer og full innsats på oppgaveløypa siste dag. Mange slitne men fornøyde unger har reist fra Gråhaugen med gode minner, nye mestringer og gode bekjentskaper.


Nytt av året: KUBINGO

Elinor Bolme Torsdag 30. juni 2016

Aldri ein Todalsdag utan at arrangørane kjem på nye sprell. Denne gongen med eit grønt rutenett, to kyr og jubel om kua skit i rett rute. Også kalla kubingo. Høyrest kanskje litt i overkant ut, men det heile er veldig enkelt. Kvart av laga som er påmeldt i knøtt- og minicupen får tildelt kvar si merka rute i ei innhegning ved klubbhuset på Bordholmen. Klokka 11 blir to kyr sleppt inn på «banen» og dei tre første rutene som blir bæsja på vil gå av med enkle lagspremiar.


Kampoppsett klart for knøtt og mini

Elinor Bolme Onsdag 29. juni 2016

Da er siste påmeldte lag plassert og vi kan presentere årets kampoppsett på todalesdagen. Både i klassane knøtt, mini og lillegutt. Her ligg det an til full fres med 60 kampar fordelt på 5 banar frå klokka 9.30 til 17.00.


Kveldstur til Vaulen

Elinor Bolme Tysdag 28. juni 2016

Torsdag 30. juni kl 17:00 arrangerer Norsk Vandrefestival tur til Vaulen på Nordmarka. Her er Inge Skogheim og Ann Kristin Bruset guidar på ei hyggeleg vandring innover til dei erverdige seterhusa som er i Surnadal kommune sitt eige. Dei byr på snadder og kaffe fra bålet og «kaffepilates» for den som vil!