Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Fleire aktiviteter på Åsen laurdag

Elinor Bolme Torsdag 24. mai 2018

Laurdag førstkomande er det museumsdag på Åsen. Både Indre Nordmøre Forsvarsforening, og Surnadal hagelag har arrangement her denne dagen.  


Todalingane åpna Nordmøre Championship med seier

Elinor Bolme Torsdag 24. mai 2018

Ivrige fotballkarar har i år organisert grendacup for passeleg aktive fotballspelarar; Nordmøre Championship. Her er det sett opp seriespel for lag frå Surnadal, Søya, Todalen, Bøfjorden, ØSIL og Halsa/Valsøyfjord. I dag var det seriestart, og temmeleg spent stemning på Øye stadion. Todalen møtte eit antatt betre lag; Trollheim Toppfotball frå Surnadal, men sjokkåpna med scoring av Brage Hauglann Talgø før det var gått fem minutt.


Utgreiing om skulen og barnehagen vedteke

Elinor Bolme Torsdag 24. mai 2018

Under dagens kommunestyre var det på førehand stor spenning til saka om utgreiing av skulen i Todalen. Per i dag er det 27 elevar som går her, men prognosane med faktiske innbyggjarar per i dag viser ein nedgang i åra som kjem. I tillegg viser faktiske tal at det er betydeleg nedgang i antall born på barnehagen.


Åpen dag ved Krigsminnesamlinga på Åsen i Surnadal

Elinor Bolme Måndag 21. mai 2018

Lørdag 26. mai er det åpen dag fra kl. 12.00 – 16.00 ved Krigsminnesamlinga på Åsen. Samlinga har over 300 gjenstander fra 1940 – 1945, så her er de mykje interessant å sjå melder Indre Nordmøre Forsvarsforening som er arrangør.


Avverga brann i retning naust

Elinor Bolme Sundag 20. mai 2018

Rundt klokka 13.30 i dag var det kanskje fleire som observerte røyk nede i Haltbakken på Nordvik. Til alt hell var Per Egil Fiske ute på søndagstur saman med familien og valde å svippe nedom for å sjå. Han er med i det lokale brannvesenet på Kvanne, og hadde muligens ein anelse om at noko var gale, ettersom det var i går pinseaften og bålbrenning mange stader og helligdag i dag.


Dy, ta va godt!

Elinor Bolme Fredag 18. mai 2018

I kveldinga inviterte Ola Kvendset bygda til kuslepp i Viastua. Ikkje så alt for mange tok turen, men det brydde dei seg lite om dei vel 40 kyrne som endeleg fekk ut og nyte den fine maikvelden. 


Torsdag: -17. maifeiringa er i rute

Elinor Bolme Onsdag 16. mai 2018

Som tidlegare år blir det tradisjonell 17. mai feiring i Todalen, med «skrommeltog» som første post på programmet. Deretter blir det i regi av fotballgruppa invitert til frukost på Bordholmen, eller i ungdomshuset om vêret krev det, fortel nyvald leiar i fotballgruppa Anders Gjeldnes.


17. mai program Stangvik skulekrets

Elinor Bolme Onsdag 16. mai 2018

Også frå Stangvik skulekrets har vi fått tilsendt årets 17. mai program. dei startar dagen med gudstjeneste, før dei samlast ved Stangvik oppvekstsenter for sitt hovedarrangement.


Siste rest av vinteren spyla bort

Elinor Bolme Tysdag 15. mai 2018

Tradisjon tru har Todalen brannvesen også i år teke på seg oppdraget med å spyle plassen framfor butikken for strøsand og anna rusk og støv som vinteren har lagt frå seg. I år fekk dei også ei oppfordring om å spyle Øyabrua sidan 17. maitoget skal passere der.


10 kaffe i dag på skulen

Elinor Bolme Tysdag 15. mai 2018

Ungar og tilsette ved Todalen oppvekstsenter inviterer i dag til 10-kaffe på skulen.


Årets første golfkurs på Mo

Elinor Bolme Måndag 14. mai 2018

I helga har Surnadal golfklubb arrangert årets første golfkurs. På lik linje med øvrig idrett er også golfklubben avhengig av at det «veks oppiatt» nye golfarar, i alle aldrar. Grunnkurset er på 12 timar, og krev ingen teoretisk eller praktisk prøve. Siste kursdag blir neste måndag for denne gjengen, som har hatt Geir og Tove Garte som instruktørar.


Sosiale søndagar på Nordvik

Elinor Bolme Laurdag 12. mai 2018

Også i år skal Nordvik grendalag arrangere den tradisjonelle sykkeltrimmen og inviterer derfor til ei sosial samling på Øygarden kvar søndag i perioden fra 13. mai til 19. august.