Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utgreiing om skulen og barnehagen vedteke

Elinor Bolme Torsdag 24. mai 2018

Under dagens kommunestyre var det på førehand stor spenning til saka om utgreiing av skulen i Todalen. Per i dag er det 27 elevar som går her, men prognosane med faktiske innbyggjarar per i dag viser ein nedgang i åra som kjem. I tillegg viser faktiske tal at det er betydeleg nedgang i antall born på barnehagen. 

Dette er ei sak som har engasjert både lokale her i Todalen og flere i dei politiske partia. Både Bergsvein Brøske og Nils Håvard Øyås frå Surnadal Senterparti held særs gode innlegg på vegne av todalingene. På bakgrunn av dette la Bergsvein og resten av Sp fram eit utsettelsesforslag der det var ønskeleg at saka skulle sendast attende til ordførar og administrasjon for andre løysingar for å heller hjelpe todalingane til å auke dagens harde fakta. 

Utarming, utidig, urimeleg og troll i eske var mange av argumenta som vart bruka frå talarstolen i den direktesendte debatten frå kommunehuset. Dessverre fekk ikkje Sp med seg fleirtalet i dette, og forslaget i punkt 1 vart dermed vedteke mot 9 stemmer. Ordførar Helge Røv presiserte at det no kun er snakk om ei utgreiing, og ikkje nedleggjing av skulen.

1)Surnadal kommune ber rådmannen lage ei utgreiing om framtidig organisering av og strukturar i Todalen og Stangvik oppvekstsenter.

Punkt 2, 3 og 4 vart også vedteke, med ei endring i punkt 3 vedrørande framtidig drift av barnehagen. Ola Magne Nordvik frå Høgre meinte alternativt at ei løysing der 1.-4. klasse og barnehage i samlokasjon burde vurderast.

2) Utgreiinga skal vektlegge fagpedagogiske, økonomiske, bygningsmessige, psykososiale og samfunnsmessige sider ved ei eventuell samanslåing av skulane, med ei lokalisering på Stangvik oppvekstsenter.

3) I utgreiinga skal ein også sjå på alternative driftsformer for Todalen barnehage.

4)Utgreiinga skal leggjas fram for behandling i kommunestyret i første møte etter sommarferien 2018.

 

 

Publisert: 24. mai 2018, 17:30