Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste rest av vinteren spyla bort

Elinor Bolme Tysdag 15. mai 2018

Tradisjon tru har Todalen brannvesen også i år teke på seg oppdraget med å spyle plassen framfor butikken for strøsand og anna rusk og støv som vinteren har lagt frå seg. I år fekk dei også ei oppfordring om å spyle Øyabrua sidan 17. maitoget skal passere der.

Ivar og Anders spylar tredekket på Øyabrua, og passa seg nok for ikkje å ta for hardt i slik at oppmerkinga forsvann… Foto: John Moe

Spyling er ikkje berre spyling. Det er også ei fin anledning til å sjekke om at slangar, pumper og anna nødvendig utstyr er i orden i tilfelle utrykning.

Plassen framfor butikken gjekk fort å spyle for Håvard og Anders, da Terje Gulliksen hadde vore ute og kosta i forrige veke.

Publisert: 15. mai 2018, 22:08