Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Gjennom vakre Sunndalen til Svinviks arboret

Elinor Bolme Tysdag 2. juni 2020

I helga har Svinviks Arboret hatt besøk av frilansjournalist Bjørnhild Fjeld som skriv om hage for ulike blad, blant annet Pensjonisten og fagbladet Utemiljø. Vi har vorte tipsa om at ho har publisert ei fin lita sak om hennar tur fra Oppdal til Orkdal via Sunndal og Surnadal på bloggen Spirea.no.


Dugnad ved krigsminnesamlinga på Åsen

Elinor Bolme Tysdag 2. juni 2020

Indre Nordmøre Forsvarsforening vil minne om dugnaden dei skal ha på krigsminnesamlinga på Åsen førstkommende fredag og laurdag fra kl. 11.00 til 16.00, begge dagane.


Til Inderdalen på plass igjen

Elinor Bolme Måndag 1. juni 2020

Etter mange arbeidstimar inne i verkstaden sin kunne endeleg Per Reiten konstatere at arbeidet vart velgjort. I dag gjekk nemleg turen til Innerdalsmerket med det nylaga skiltet som skal vise turistane som kjem frå Kårvatn vegen over mot Innerdalen. Skiltet er ein tru kopi av det gamle skiltet, som anslagsvis kan være frå tidleg 1900-tal […]


Stavgang i ei rar tid!

Elinor Bolme Onsdag 20. mai 2020

Korona er et ord vi har blitt fortrolig med. Om vi har blitt fortrolig med restriksjonene den har ført med seg, er kanskje heller individuelt , avhenger av så mangt
Stavgangen har i hvert fall blitt utsatt av den grunn. Og samma kunne det være! Regn og snø i bøtter og spann har ikke fristet.


Besøksrutiner ved Surnadal sjukeheim

Elinor Bolme Laurdag 16. mai 2020

Med utgangspunkt i Helsedirektoratet sine føringar av 6. mai 2020, er besøksrutinene ved Surnadal sjukeheim som følgjer frå 13. mai i følge Surnadal kommune si heimeside


Bli med på biltoget 17. mai

Elinor Bolme Laurdag 16. mai 2020

Tradisjonen tru blir det også i år biltog på 17. mai. Det blir som vanleg oppmøte ved Matkroken. Her vil det vere medlemmar frå årets komité som dirigerer trafikken, slik at flest muleg får plass inne framfor butikken.


Ønsker ikke dagsbesøk på hyttene

Elinor Bolme Fredag 15. mai 2020

KNT håper alle bidrar til å redusere koronasmitten med enkle tiltak skriver daglig leder Roar Halten i en pressemelding i dag.


Utlån av bøker på Skei

Steinar Hasselø Tysdag 12. mai 2020

Biblioteket på Skei har no starta med utlån av bøker via Frivilligsentralen.
Biblioteket er framleis stengt, men Frivilligsentralen i MøbelFiske-bygget vil formidle både innlevering og utlån fram til biblioteket forhåpentleg snart blir opna.


-Viser stor lokal omstillingsevne

Elinor Bolme Måndag 11. mai 2020

Kriseleiinga hadde i dag sitt første møte i mai månad.  -Situasjonen vi no befinn oss i er prega av mange omstillingsprosessar og er ikkje mindre krevjande å handtera, seier kommuneoverlege Bjørn Buan. Det er stor pågang frå bedrifter og arrangørar som ønskjer råd. Som kommuneoverlege er eg takknemleg over at aktørar tek kontakt og utviser ansvarlegheit. Ein evner å komme fram til akseptable løysingar i dei fleste tilfelle.


Surnadal kino opnar igjen… men berre for 30 om gongen

Steinar Hasselø Måndag 11. mai 2020

Kulturhuset vil framleis vere stengt, men det vil, inntil vidare, bli vist film på onsdagar og søndagar. Og sia 17. mai er på søndag, blir det berre vist to filmar på onsdag denne veka.

Det vil berre bli muleg å kjøpe seg unummererte billettar over nett, og alle vil bli tilvist plass når kinosalen opnar.


Nyt Todalen fra lufta

Elinor Bolme Laurdag 9. mai 2020

Todalsfan Andreas Belboe har sendt oss ein film fra Todalen 19. april.  Han har filma med drone fra nedre del av bygda og sett saman ein to minutt lang filmsnutt. Kunne vore ein reklame for «Heimatt til Todalen» dette!


8. mai-markeringa med utmerking til Torbjørn Ellevset

Elinor Bolme Fredag 8. mai 2020

I desse «koronatidene» har ein måtte planlegge merkedagane i mai utan det store publikum. Surnadal kommune har difor i år valt å filme markeringa av 8. mai. 

Stig Cato Magnussen, områdesjef i Heimevernet, og kulturleiar Lilli Husby har  derfor i dag lagt på krans ved dei tre bautane til minne om dei som mista livet da krigen braut ut i 1940.