Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utlån av bøker på Skei

Steinar Hasselø Tysdag 12. mai 2020

Biblioteket på Skei har no starta med utlån av bøker via Frivilligsentralen.

Biblioteket er framleis stengt, men Frivilligsentralen i MøbelFiske-bygget vil formidle både innlevering og utlån fram til biblioteket forhåpentleg snart blir opna.

Det vil fungere på dette viset: Vil du låne ei bok, kan du bestille denne via heimesida til biblioteket (www.mrbibliotek.no/surnadal) eller ved å sende ein e-post til biblioteket@surnadal.kommune.no.

Gjer du dette før onsdag kl. 15, vil du kunne hente bøkene (om dei er tilgjengelege) på frivilligsentralen torsdag mellom kl. 13 og 15 (fram til kl. 16 torsdag 14. mai). Du kan levere bøker du er ferdig med på same stad og til same tid (også på tysdagar kl. 13–15). Dette gjeld sjølvsagt også dei som har lånt bøker tidlegare som dei ikkje har fått levert.

Det vil også framover bli muleg å bestille bøker som Surnadal bibliotek ikkje har sjølve. Berre send e-post om du har bokønske, så skal vi sjå kva som er muleg å få til.

Innleverte bøker skal i «karantene», så det kan hende ein må vente litt, sjølv om det ser ut til at boka er ledig. 

 

Først publisert: 12. mai 2020, 06:14 - Sist oppdatert: 11. mai 2020, 19:17