Molde Sanitetsforening besøkte Todalen
Molde Sanitetsforening hadde i år lagt sommaravslutninga si til Svinviks Arboret. Her skulle dei ha enkel servering av grønsakssuppe og litt kaffe før dei skulle ta runden i arboretet før dei reiste heim. Det var før Todalen Sanitetsforening fekk nyssen i at dei skulle på desse trakter. Og då vart ikkje det opplegget godkjent… Leiar i Todalen Sanitetsforening Maren Ansnes tok kontakt med leiar Eva Refsnæs i Molde og inviterte dei dermed på ein rundtur i Todalen i tillegg.