Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Molde Sanitetsforening besøkte Todalen

Elinor Bolme Onsdag 25. juni 2014

Molde Sanitetsforening hadde i år lagt sommaravslutninga si til Svinviks Arboret. Her skulle dei ha enkel servering av grønsakssuppe og litt kaffe før dei skulle ta runden i arboretet før dei reiste heim. Det var før Todalen Sanitetsforening fekk nyssen i at dei skulle på desse trakter. Og då vart ikkje det opplegget godkjent… Leiar i Todalen Sanitetsforening Maren Ansnes tok kontakt med leiar Eva Refsnæs i Molde og inviterte dei dermed på ein rundtur i Todalen i tillegg.

Ho hoppa på bussen i Svinvika og guida dei innover bygda heilt opp til gammelfabrikken. Der venta Carina Talgø og ho tok dei med inn i eit kortfatta historisk tilbakeblikk frå gründer og sanitetsdame Thora Talgø og fram til i dag. Og imponert vart dei nok alle som ein, lell om dei fekk alt for lite tid til å sjå seg irundt på området.

Etterpå vart dei losa ein snartur nedom Todalen sanitetshus. Plana var berre eit kjapt 5-minutt her, men når dei fekk sjå oppdiskinga av frukt og forfriskningar som medlemmane i Todalen sanitetsforening hadde gjort i stand, måtte berre tenkt fergeavgang utsettast. Da vart det også tid til ei lita orientering om sanitetshuset og alt de fasilitetane det innehar. Jenny Kvendset sette si leilighet til disposisjon for omvisning.

Til slutt fekk dei med seg eit fint fotografi laga av Studio Saksen, med 1. vers av todalssongen på, noko dei besøkande satte stor pris på. Leder i Molde Sanitetsforening Eva Refsnæs takka så mykje for eit fint initiativ, og ønska todalsdamene hjereleg velkone til Molde neste gong.

Under er eit fotogalleri frå turen til Molde Sanitetsforening. Alle foto Elinor Bolme.

Publisert: 25. juni 2014, 22:50