Rute 46 Kvanne – Rykkjem i ordinær drift igjen
Fergeforbindelsen mellom Kvanne-Rykkjem var innstilt i vel 4 timar på ettermiddag i dag før det vart opna for ordinær trafikk igjen skriv Driva.no no i kveld.
Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.
Fergeforbindelsen mellom Kvanne-Rykkjem var innstilt i vel 4 timar på ettermiddag i dag før det vart opna for ordinær trafikk igjen skriv Driva.no no i kveld.
Vekas søndagstur er ein rundtur fra ballbingen på Enge og til Grytdalen langs rørgata – altså i Halsa kommune.
Oppmøte i ballbingen på Enge og felles vandring derfra opp rørgata- ned Grytdalen og til ballbingen igjen for å ta nistepakka. Det er mulighet for å gå heilt fram til Englivatnet, for dei som ønsker ein lengre tur.
Misjonssambandet melder om at det er julemesse på Eidet bedehus i morgon laurdag 14.nov frå klokka 13. Basarbord og sal av mange slag. Familiemøte kl. 16.00.
Møre og Romsdal kunstsenter i Molde, eit av 15 kunstsentre i Norge, arrangerer i perioden 12.-22. november si andre prosjektveke i år der det er kunsthandverkarane Siri Skjerve og Toril Redalen som er tildelt vekas arrangement med prosjektet ”Fire in the hole” her i Todalen. Arrangementet er også ein del av markeringa av Norske Kunsthåndverkeres 40-årsjubileum.
Surnadal og Rindal Revmatikkerforening minner om sitt julebord på Bolme Pensjonat den 30.11.2015 kl 1900. Påmelding innen den 21.11 2015 til Bjarne Røen på telefon 99737534
Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening inviterer no enkeltpersonar, lag, foreningar og profesjonelle aktørar som både driv og interesserer seg for omsorg, beredskap, omsorgsberedskap, redning og lokalmiljø til ope møte i Todalen ungdomshus tirsdag 24. november.
Innvandrarar og framtidshåp er tema når Indre Nordmøre Senioruniversitet har invitert Olav Bergheim saman med innvandrarar og flyktningar til å orientere om bakgrunn, utfordringar og framtidshåp for dei nye innbyggarane på Nordmøre. Møtet skal vere på Kulturhuset i Surnadal 18/11 kl 1100. Det skjer svært mykje på flyktninge- og innvandrarsida no om dagane, og det […]
Frå Christopher Talgø har vi fått melding om ein båt som i kveld vart teke hand om på Todalsforden. Han skriv at han fann den drivande midt i fjorden i dag, såvidt flytande. Han tok hand om båten og fortøyde den i småbåthamna. Så er nokon som har kjennskap til fartøyet, er det berre å hente […]
Foreldreutvalget ved Todalen skule har i følge NRK Møre og Romsdal si nettside skreve eit brev til alle representantane i kommunestyret der dei reagerer på saksgangen vedrørande forslag om å leggje ned Todalen skule frå hausten 2016. Dette er grunngjeve ved at kommunen ikkje kan gjere endringar i skulestrukturen i forbindelse med budsjettbehandlingane, men at det må fremmast ei eiga nedleggjingssak.
På søndag inviteres alle barn i Todalen til Halloweenparty i Skulstua. Arrangør er Justina på Bjørli saman med Line i Myrmo. Her er det frivillig om ein øsker å kle seg ut eller ikkje.
Vekas søndagstur går til gapahuken ved Gråurtjønna (600 moh.) fra parkeringsplass i Fossdalen i Rindal. Dette er ein tur på ca. 3,7 km. med gangtid på 1.15 t. – 1.45 t. Merka sti langs veg i første del, deretter slakt oppover i forholdsvis tørt terreng.
Etter 60 minutt med full fres skulle ein tru at det var greit og avslutte kveldens barneleik i gymsalen på skulen. Men det var det som vanleg ikkje stemning for. Dei oppmøtte ungane leika seg med ulike aktiviteter i eigen regi. Særleg attraktiv var nok den nyinnkjøpte trampetten som Todalen Idrettslag hadde kjøpt til skulen. Idrettslaget hadde også kjøpt inn nye solide småmål som takk for lånet av gymsalen.