Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fokus på omsorgsberedskap

Elinor Bolme Torsdag 12. november 2015
Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening inviterer no enkeltpersonar, lag, foreningar og profesjonelle aktørar som både driv og interesserer seg for omsorg, beredskap, omsorgsberedskap, redning og lokalmiljø til ope møte i Todalen ungdomshus tirsdag 24. november.
Bakgrunnen for at Todalen Sanitetsforening dreg i gang dette møtet er at det no er ei stund sidan det har vore større hendingar og øvelsar innan både omsorg og redning i Todalen. Heldigvis så klart, men det er greit å halde både interesse og kunnskap oppe for dei som driv med det til dagleg, og for dei som driv med frivillig arbeid. Derfor har sentrale personar i Surnadal kommune og ulike lag i kommunen fått skriftleg innkalling til møtet. Leiar i omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening Jorunn Ørsal understreker likevel at dette er eit relevant møte for alle. Ras på størrelse med 30.7.13  får vi kanskje ikkje att, men ein skogbrann eller ein tankbilvelt treng ikkje være langt unna.
Morten Halgunset er derfor innleidd frå Rindal og vil lage øvingar på scenarie som kan inntreffe i nærmiljøet i Todalen. Han har lang erfaring med å lage slike øvingar for Røde Kors, og vi i saniteten har tidlegare delteke på slike papirøvingar med han gjennom Rindal Sanitetsforening fortel Jorunn. I tillegg kjem ordførar Lilly Gunn Nyheim frå Surnadal kommune til å orientere om korleis beredskapen er lokalt i Surnadal i dag.
Da kan det kanskje være greit å tenke på :
  • Kva er rolla til den enkelte, og kva gjer vi?
  • Lokalt samarbeid
  • Lokalkunnskap
Publisert: 12. november 2015, 21:23