Stavgangarane tek turen til Rindal og Igeltjønna
Torsdag 28. august klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Rindal og Igeltjønna.
Vi fann 2514 artiklar i dette arkivet.
Torsdag 28. august klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Rindal og Igeltjønna.
Surnadal kommune og Surnadal storviltvald inviterer til viltkveld i kinosalen på Surnadal kulturhus tysdag 26. august klokka 19:00. Her blir det foredrag frå NIVIO, SNO og informasjon frå Surnadal kommune.
Ola Vikan (13 år) frå Nordvik, vart tidlegare i sommar Midt-Norsk meister i motocross klasse MX 85 13 – 15 år. På laurdag NM-debuterte han med ein imponerande sjuandeplass under NM på Lunner Motorsportsenter.
Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 27. august klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til «felles middag» på kyrkjelydshuset på Skei. På onsdag blir blir det servert karbonadar med potet, ertestuing, gulrot og brun saus.
Laurdag inviterte IL Søya til 2025 utgåva av den tradisjonelle Søyacupen på Søyabanen. Vêrgudane spela absolutt ikkje på lag med arrangøren, men dei klarte heldig vis ikkje å øydelegge fotballgleda for verken spelarane eller publikum.
Todalen historielag inviterer laurdag 4. oktober klokka 18:00 alle til Todalen ungdomshus for å markere at det i år er 150 år sidan Halvor O. Ørsal vart fødd. Halvor vart fødd den 22. desember i 1875. På Wikipedia står det at han vart fødd i 1876, men historielaget har sjekka kyrkjebøkene, og her står det at han var fødd i 1875, så da er nok det rett.
Tysdag 26.august inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til ny fjelltur. Da er Resdalen og Svarthatten målet for fjellgangarane.
Siste estimat for feilretting av Telia-nettet er no flytta til måndag kveld klokka 22:38. Om dette er eit truverdig tidspunkt står att å sjå, men det er lov å håpe. Sjå Telia sitt dekningskart her.
Vi har også i dag vore i kontakt med Telia kundeservice, og dei kan no fortelje at servicefolk er på plass for å rette feilen, men at dei ikkje kan seie noko eksakt tidspunkt for når feilen er utbetra.
Da er Telia nettet i Todalen nede igjen! Nettet datt ut klokka 11:30 i dag, og i følge Telia kundeservice så skal feilen bli retta innen i morgen klokken 11:30.
Tysdag 19. august inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Klokkarhaugen i Stangvik. -Værvarsla var ikkje dei beste for dagen når vi forlet bilane etter å ha køyrt Stangviklivegen opp til der stien til Storsetra kryssar vegen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.
Fredag 22. august frå klokka 11:00 er det igjen ope bakeriutsal hos Lia gard. Da kan dei igjen by på fersk bakst, så da blir det mogleg å få kjøpt både grovbakst og kaffebrød til helga.