Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2514 artiklar i dette arkivet.


Glimt frå medlemsmøte i Pensjonistforbundet Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. september 2025

Sist onsdag inviterte Pensjonistforbundet Surnadal til medlemsmøte i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei. Vel seksti medlemmer møtte fram for å vere med på medlemsmøtet. 


Fjellgruppa besøkte Grytbakksetra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. september 2025

Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Grytbakksetra.


Influensa – og koronavaksinering 2025

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. september 2025

Surnadal kommune melder at årets influensa- og koronavaksinering i kommunen vil gå føre seg i perioden tysdag 21. – fredag 24. oktober. Alle dagane klokka 09:00 – 15:00. Oppmøte på Familiens Hus ved kommunehuset på Skei. Kommunen ber dei som ønsker vaksinering i haust om å nytte seg av dei oppsette dagane.


Ny administrerande direktør på plass

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. september 2025

Måndag 1. september starta Ann-Mari Rovik (36) i jobben som administrerande direktør i SpareBank 1 Økonomipartner. Nedanfor kan ein lese ei pressemelding Økonomipartner i dag sendte ut, der dei fortel litt om Rovik og verksemda si. 


Inviterer til Boligdagen 2025 fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. september 2025

Fredag 26. september frå klokka 09:00 til 14:00 inviterer Surnadal kommune til Boligdagen 2025 i Kammerset på Surnadal kulturhus. Her kan ein få svar på det ein lurar på om framtidig busetting og bustad.


Svorka inviterer til informasjonsmøte om Norgespris

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. september 2025

Svorka inviterer onsdag til to informasjonsmøter om Norgespris. Det første informasjonsmøtet tek til klokka 10:00 på Surnadal kulturhus og er spesielt tilrettelagt for dei som brukar teleslynge. Det andre møtet er på klokka 14:00 på Svorka-bygget. 


Fjellgruppa tek turen til Grytbakksetra tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 20. september 2025

Tysdag 23. september inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Grytbakksetra. – Vi møtest på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 09:30 for og samkøyrer til Øygarden, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.


Stavgangarane tok turen til Årnes

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 20. september 2025

Torsdag inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til årets nest siste stavgangtur, der turmålet denne gongen var Jabenken på Årnes. 


Inviterer til «felles middag» onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 19. september 2025

Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 24. september klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til «felles middag» på kyrkjelydshuset på Skei. På onsdag blir blir det servert fiskekaker med potet, råkost og løkfeite.


Stemningsfull songkveld for brønnprosjekt i Gambia

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. september 2025

Prosjekt 17-koret inviterte onsdag kveld til musikk- og songkveld i Todalen ungdomshus der alle inntektene uavkorta gjekk til eit brønnprosjekt i Gambia. I tillegg til Prosjekt 17-koret deltok gruppene Basarensemblet og Kvammeratene.


Fjellgruppa med fin tur til Naustådalssetra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 17. september 2025

Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Kårvatn og Naustådalssetra, Vêrgudane varta opp med nok ein fin haustdag, så det vart ein fin fjelltur fint haustvêr og fin natur.


Bli med stavgangarane til Årnes

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 16. september 2025

Torsdag 18. september klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadals til ein ny stavgangtur. Denne gongen går turen til Årnes.