Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2514 artiklar i dette arkivet.


Trimgruppa med kortreist julekalender også i år

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. oktober 2025

Trimgruppa i Todalen Idrettslag gjentek suksessen frå dei siste åra med kortreist julekalender. I samband med dette er dei avhengig av at gode givarar bidreg med kalendergåver.


Nytt trimpoengår tek til onsdag 1. oktober

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 30. september 2025

Tysdag  30. september er sesongens siste dag i trimåret 24/25, og «På tur i Todalen 24/25» i trimpoengappen blir avslutta, og blir onsdag 1. oktober erstatta av den nye «På tur i Todalen 25/26». Todalen Idrettslag fortsett altså med den populære trimappen også den komande trimsesongen. 



Feira livet med bakels og graut

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 30. september 2025

Kaffekroken på Matkroken Todalen er i dagleg bruk og her blir mangt eit verdsproblem løyst, og nokre nye laga, men framfor alt er kaffekroken ein viktig arena for sosialt samvær og hygge! Tysdag stilte Kjell Gunnar Polden med bakelsrøre og nykoka graut og inviterte til bakels og graut. 


Lia gard markerer kanelsnurrens dag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 29. september 2025

Fredag 3. oktober. august frå klokka 11:00 markerer Lia gard kanelsnurrens dag med ope bakeriutsal. Da kan ein sjølvsagt få kjøpt kanelsnurrar, men også anna fersk og frossen bakst, så det er berre å ta turen. 


Boligdagen 2025 – Bra og informativt program

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 27. september 2025

Fredag inviterte Surnadal kommune til Boligdagen 2025 i kammerset på Surnadal kulturhus. Det var kommunalsjef samfunn, Karin Halle som var konferansier og som hadde sydd saman det innhaldsrike og informative programmet for dagen.


Fjellgruppa tek turen til Fauskåfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 27. september 2025

Tysdag 30. september inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til ny fjelltur. Denne gongen går turen til Fauskåfjellet, Fauskåvatnet og Surnadals geografiske midtpunkt.



Inviterer til lan-treff for ungdom i haustferien

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. september 2025

3. – 5. oktober inviterer Svorka, i samarbeid med Power Surnadal, ungdom fra og med 8. klasse til tre døgn fylt med gaming, konkurransar, premiar og godt selskap i Torshall, Rindal. Målet er å skape ein trygg, morsom og sosial møteplass, der felles lidenskap for gaming får blomstre.


«Sammen er vi mindre alene»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. september 2025

Det var tittelen på årets Pårørendekonferansen 2025 som i Surnadal kommune vart arrangert i Kammerset på Surnadal kulturhus. – Pårørendekonferansen er en digital konferanse, der kvar enkelt kommune sjølv må legge til rette for arrangementet, fortel ein av initativtakarane i Surnadal kommune, Mona Rita Rønning. – Målet med å arrangere Pårørendekonferansen i Surnadal kommune, er eit håp om at vi innan 2030 skal greie å etablere ein pårørandeallianse på tvers av diagnose og alder, legg ho til. Det var sanitetsforeningane som stod for serveringa under konferansen. 


Svorka informerte om Norgespris

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. september 2025

Onsdag orienterte Svorka om den nye staumstøtteordninga Norgespris som blir tilgjengeleg frå onsdag 1. oktoober. Prisen på Norgespris vil vere 50 øre med tillegg for kraftselskapa sitt prispåslag og nettleige. Det første informasjonsmøtet var i Svorkasalen på Surnadl kulturus, og det andre på Svorka-bygget. 


Pressemelding frå laget Vårsøg

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. september 2025

I ei pressemelding no i kveld frå laget Vårsøg, blir vi gjort kjent med at Vårsøghelga, frå og med neste år går inn i ein ny fase. Dette inneber mellom anna at helga skiftar namn og at Kleivakvelden og alle arrangement på Kleiva blir tekne bort.