Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2469 artiklar i dette arkivet.


Sesongavslutta med imponerande resultat i Norgesmesterskapet for lag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 8. september 2025

I helga var det Norgesmesterskap (NM) for lag i motocross på Skaun Motorsenter i Skaun. Ola Vikan (13) deltok der på regionlaget NL Autosport i klassen MX 85. Det var meininga Ola også skulle vere med på avslutningsløptet i Østlandscup domande helg, men sjukdom gjer at han vel å stå over der. Dermed vart helgas NM på mange måtar sesongavslutninga for Ola, sjølv om han til helga deltek på eit haustløp i Snillfjorden.  


Inviterer til gudsteneste med presentasjon av konfirmantane på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 8. september 2025

Søndag 14. september klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg på søndag er Pål Arne Winsnes, som denne gongen har fått med seg Torbjørn Brøske som medliturg. Organist er Oddveig Helset Halle medan Rannveig Brøske er klokkar. 


Ein spe start på oppryddinga

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 6. september 2025

Akkurat på dagen ein månad etter den dramatiske brannen i Holbakken hos Elinor og Ivar, var det torsdag kveld ein liten dugnad for å flytte blomstrar, planter og busker.- Mange har ytra ønske om å kunne hjelpe oss på all slags vis etter brannen, og dette var ei fin anledning til å både vere sosial og gjere noko det var gang i, fortel Elinor Bolme 


Stavgangarane med godvêrstur til Krokvatnet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. september 2025

Torsdag inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Krokvatnet. Og det vart ein skikkeleg fin haustdag med sol og god temperatur for dei tjue stavgangarane. 


Inviterer ungdommane til gratiskonsert

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. september 2025

I år fyller SpareBank 1 Nordmøre 190 år, eit jubileum som allereie har vore markert gjennom fleire arrangement dette året. No er det ungdommane sin tur til å vere med på feiringa, kunne Liv Dalsegg og Arne Berset fortelje under eit pressetreff på Øye onsdag formiddag.


Den nye pergolaen ved Surnadal sjukeheim offisielt opna

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. september 2025

Venneforeninga ved Surnadal sjukeheim, som i mars skifta namn frå Pårørandeforeninga, har ved hjelp av innsamla midlar og dugnadar, fått sett opp ein pergola ved Surnadal sjukeheim. I strålande sommarvêr og sol, var det tysdag offisiell opning av den nye pergolaen. Venneforeninga håper pergolaen blir til stor glede for bebuarane, pårørande og dei tilsette ved Surnadal sjukeheim.


Fin tur for Fjellgruppa til Tifjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. september 2025

Det vart ein fin tur i skikkeleg godt sommarvêr med høgt terreng da Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal tysdag tok turen til Rindal og Tifjellet. 


Inviterer til lagseriestemne tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. september 2025

Tysdag 2. september inviterer Todalen Idrettslag alle Todalingar og alle andre i Stangvik skulekrins til lagseriestemne på Bordholmen stadion. Her blir det lengdehopp med og utan tilløp, kast av liten ball og springing. 


Stavgangarane tek turen til Krokvatnet torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. september 2025

Torsdag 4. september inviterer Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Krokvatnet. Oppmøte ved Dønnheim bedehus klokka 11:00 for samkøyring.


ReMidt sin tømmekalender for september og oktober lagt ut

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 1. september 2025

Da har vi, litt forsenka, lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for september og oktober 2025 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for november og desember 2025 blir lagt ut i måadsskiftet oktober/november. 


Bli med Fjellgruppa til Tifjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 30. august 2025

Tysdag 2.september inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet til ny fjelltur. På tysdag går turen til Tifjellet. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 09:30 for samkøyring til YX-stasjonen i Rindal.


Reprise på forsvarshistorisk sommartur

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. august 2025

Nordmøre Forsvarsforening og Nordmøre brigadeveteranforening har i etterkant av tysdagens digitale forsvarshistoriske vandring, som vart ein stor suksett, fått mange oppfordringar om lage ein reprise. Difor inviterer dei to foreningane til reprise på den digitale vandringa onsdag 3. september klokka 19:00 i Storstuå på Surnadal kulturhus.