Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2472 artiklar i dette arkivet.


Lokal markering av kvinnenes internasjonale bønedag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. mars 2022

Kyrkja i Surnadal og Bibelselskapet ønsker velkommen til Kyrkjelydshuset på Skei for å feire kvinnenes internasjonale bønedag fredag 4. mars klokka 18:00. Kvinnenes internasjonale bønedag starta i USA i 1887, og kvinner frå ulike kyrkjesamfunn samla seg om ein felles bønedag. I dag blir bønedagen (World Day of Prayer) markert i meir enn 170 land og regionar. I Noreg starta slike samlingar i slutten av 1920-åra.


Beredskap lokalt og støtte internasjonalt

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. mars 2022

Surnadal og Todalen sanitetsforeiningar samarbeider om ein felles omsorgsberedskapsavtale i Surnadal kommune. Som eit direkte resultat av dette samarbeidet, ønsker også dei no å mobilisere, for å hjelpe det ukrainske folk, som akkurat no opplever uhyggelege krigshandlingar. Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) har starta ein innsamlingsaksjon der pengane skal gå til Røde Kors. NKS samlar til vanleg ikkje inn penger til andre organisasjonar, med unntak av den nasjonale dugnaden TV-aksjonen. Dette er ein ekstraordinær situasjon, og dei gj3r difor eit unntak i samband med situasjonen i Ukraina.


Indre Nordmøre Forsvarsforening blir til Nordmøre Forsvarsforening

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 2. mars 2022

På årsmøtet til Indre Nordmøre Forsvarsforening 15. februar, vart det vedteke å endre namn til Nordmøre Forsvarsforening. Forslaget om namneendringa kom frå styret, og hadde sin bakgrunn i at det ikkje lenger er drift i det som tidlegare var Ytre Nordmøre Forsvarsforening. Da er det heilt naturleg at namnet blir Nordmøre Forsvarsforening, noko årsmøtet sa seg heilt enig i og vedtok.   


Samlar inn klede til flyktningane

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 2. mars 2022

Kyrkja i Surnadal har lenge samla inn klede, sko og anna utstyr til flyktningane som er busett i Surnadal kommune, og mange har respondert og bidrege. Diakon i Surnadal, Aud Pauline Indset, fortel at det akkurat no er størst behov for klede og sko til barn i alderen 0 – 8 år. 


Todalen sanitetsforening varmar opp til kvinnedagen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 1. mars 2022

Todalen sanitetsforening varmar opp til den internasjonale kvinnedagen med å invitere til arrangementet Kvinnehelse: «Det personlege er politisk» i Todalen ungdomshus måndag 7. mars klokka 18:00 – 20:00. Arrangementet vil fysisk gå føre seg på Youngs (nede) i Oslo, men vil, i regi av Norske Kvinners Sanitetsforening, bli strøyma og vist direkte i ungdomshuset.    


80 år sidan flystyrten på Nordmarka

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 1. mars 2022

Laurdag 5. mars er det 80 år sidan flyet til den skotske RAF-piloten Sandy Gunn vart skote ned over Nordmarka i Surnadal. Gunn var på rekognoseringsoppdrag for å fotografere det tyske slagskipet Tirpitz i Åsenfjorden da han vart skoten ned av ein tysk Messerschmitt. Gunn skaut seg ut av flyet og overlevde styrten. Han var seinare teken til fange av tyske mannskap på bakken og sendt til fangeleiren Stalag Luft III i Polen.


8. mars-kaffe på Surnadal Frivilligsentral

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. februar 2022

Tysdag 8. mars klokka 19:00 markerer Surnadal AP, Surnadal SV og Folkeakademiet den internasjonale kvinnedagen i Surnadal Frivilligsentral sine lokaler på Skei. Lilly Gunn Nyheim, Inger Johanne Iversen og Else B. Andresen, frå arrangementskomiteen, vil leie oss gjennom 8. mars markeringa i Surnadal.


«Balldagen» tysdag 1. mars avlyst

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. februar 2022

I ei melding frå Todalshytta no på morgonkvisten, opplyser dei at morgondagens «balldag» (tysdag 1. mars) er avlyst på grunn av sjukdom. Todalshytta beklager dette, og opplyser samstundes at «balldagen» neste tysdag (8. mars) vil bli arrangert som normalt, og at dei ønsker alle velkommen til ny «balldag» da.


Ope bakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. februar 2022

Fredag 4. mars, mellom klokka 12.00 – 17.00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Hyllene vil bli fylt opp med både ferske kaffebrød og grovbakst så her er det «godsaker» både til måltid og kaffekos.  


«Barn i løypa» på tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 27. februar 2022

Tysdag 1. mars, frå klokka 17:30, inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den tida «Barn i løypa» går føre seg. Barne- og ungdomsgruppa serverer varm saft. 


«Bøy og tøy» i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 27. februar 2022

Torsdag 3. mars klokka 11:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag igjen til «Bøy og tøy». VIKTIG! På grunn av at det framleis foregår ombygging i Meierisalen, blir torsdagens «Bøy og tøy», også denne gongen i Trudvang! Surnadal Pensjonistlag har med seg  fysioterapeut Lage som instruktør for trimmen. 


Vi vart færre og litt eldre

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 27. februar 2022

Folketalsstatistikken for Todalen (Svinvika – Kårvatn) syner at det 31.12.2021 var 294 todalingar, 5 færre enn 31.12.2020. Det var ved årsskiftet 139 kvinner og 155 menn. Gjennomsnittsalderen gjekk bitte litt opp, frå 46,8 år til 47,1 år, altså opp med 0,3 år i høve til 2020. Det er Todalen Grendalag sin eigen folketalsstatistikk som syner dette.