Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2469 artiklar i dette arkivet.


Bli med Fjellgruppa til Knyken

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 6. juni 2025

Tysdag 10. juni inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til ny fjelltur, og denne gongen er Knyken mål for turen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til enden av Skeisnebbvegen.   


Surnadal Golf Maraton for femte gong

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 6. juni 2025

Laurdag 21. juni arrangerer Surnadal Golfklubb si unike 3 gonger 18 hulls parturnering for femte gong på Surnadal Golfpark på Mo ved Kvanne i Surnadal kommune. Turneringa har i løpet av desse åre klart å få mykje merksemd i heile golf-Norge, både for sjølve konkurransen – men ikkje minst for «innpakninga» av turneringa og den unike opplevinga som spelarane får ta del i.


Innspurt i det digitale pizzalotteriet

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 6. juni 2025

I dag, fredag, er det innspurt i Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt digitale pizzalotteri, der premiane er fem gåvekort på valfri pizza på YX Surnadal. Trekninga er fredag kveld klokka 20:00, og Økonomigruppa tek kontakt med alle vinnarane i løpet av fredag kveld. 


Pinsa i Svinviks arboret

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 5. juni 2025

I den gamle hagen etter Anne og Halvor Svinvik ved Todalsfjorden er det eit mangfald av vekster å oppleve. Rododendron er signaturplanta for staden, og mange av desse står i blomstring no og ei stund utover i juni. Svinviks arboret ønskjer alle velkomen innom!



Fin Fjellgruppatur til Klåberget

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 4. juni 2025

Første tysdagen i juni inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Klåberget. – Værgudane viste seg frå si beste side slik meteorologane lovte da vi starta frå parkeringsplassen ved Røen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.


Inviterer til lagseriestemne onsdag 11. juni

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. juni 2025

Onsdag 12. juni inviterer Todalen Idrettslag alle todalingar, nordvikgardingar og alle andre til lagseriestemne på Bordholmen stadion onsdag 11. juni klokka 18:00. Her blir det lengdehopp med og utan tilløp, kast av liten ball og springing. 


Stavgangarane går Svinvikrunden torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. juni 2025

Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal inviterer til stavgangtur i Svinvikrunden torsdag 5. juni klokka 11:00. 


Digitalt pizzalotteri

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. juni 2025

I dag startar Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt digitale pizzalotteri, der dei loddar ut 5 gavekort på valfri pizza frå YX i Surnadal. Kvart lodd kostar kroner 20,- og kan kjøpast på Vipps 527926. Trekninga skjer fredag 6. juni klokka 20:00, så da kan dei heldige vinnarane eventuelt kose seg med pizza i pinsa! 


Kløvertur til Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 1. juni 2025

Todalen sanitetsforeninga inviterer til ny kløvertur måndag 26. mai. Oppmøte ved Matkroken Todalen og start derifrå klokka 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Trefte kjentfolk på Færøyane

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 31. mai 2025

Norsk sigar- og lutfisklaug er ein gjeng reiseglade personar frå Møre og Romsdal og Trøndelag, som minst ein gong kvart året møtest for sosialt samvær. Ofte reiser dei også på tur saman, til reisemål både innanlands og i det store utland.


Fjellgruppa tek turen til Klåberget

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. mai 2025

Tysdag 3. juni inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til ny fjelltur, og denne gongen går turen til Klåberget.