Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3248 artiklar i dette arkivet.


Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. mai 2024

Fredag 31. mai, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til ope bakeriutsal i Lia. Her blir det mogleg å få kjøpt både grovbakst og noko godt til helgakaffen!  


Eirik Vang Aas med sterk seier i Tour of Norway

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 26. mai 2024

Eirik Vang Aas (22) frå Kvanne, som sykla for landslaget til Norge, gjorde ein stålande innsats under sykkelrittet Tour of Norway, Eirik vann klatretrøya i firedagarsrittet Tour of Norway, som samlar verdas beste syklistar, både frå inn- og utland, så dette var ein utruleg sterk prestasjon av Eirik.


Bli med Fjellgruppa til Fløystadfjellet i Tingvoll kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 26. mai 2024

Tysdag 28. mai tek Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag nok ein tur til ein nabokommune. Da er nemleg turmålet Fløystadfjellet (Skarven). Fløystadfjellet ligg på Kanestrum i Tingvoll kommune, og toppen ligg på 653 meter over havet. 


Oddveig Helset Halle fekk Kleivaprisen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 25. mai 2024

Under Vårsøghelga sin Kleivakveld på Kleiva no i kveld, var nok utdelinga av Kleivaprisen det gjevaste innslaget . Årets Kleivapris gjekk til Oddveig Helset Halle, kantor i Surnadal kommune fram til februar i år, da ho gjekk over i pensjonistane sine rekker. Ho har vore kantor i Surnadal kommune i meir enn 30 år og bor i Stangvik. Det var ordførar i Surnadal kommune, Hugo Pedersen som delte ut Kleivaprisen. 


SKUV fekk 50 000 frå Kleivafondet.

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 25. mai 2024

Under ein seremoni under Vårsøghelga sin Kleivakvelden på Kleiva no i kveld, fekk SKUV (Surnadal konseptutvikling) tildelt 50 000 kroner frå Kleivafondet. Det var ordførar i Surnadal kommune, Hugo Pedersen som stod for utdelinga, og det var Øystein Hjelle Bondhus, styreleiar i SKUV som tok imot prisen på vegne av SKUF. 


Minner om kveldsgudstenesta søndag 26. mai

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. mai 2024

Treeiningssøndag kveld (26. mai) er det Kveldsmesse i Todalskyrkja kl. 19.30. Ei kort gudsteneste med preg av sommartid og av dagens tekster. Prost Vidar Rygh gjer teneste – også som songsolist. Salmelista er slik: 845 – 963 – 1 – 977.4 – 318 – 678 – 821a.  


«Saman for Surnadal» for tredje gong

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. mai 2024

For tredje gong inviterte i dag Vårsøghelga, i samarbeid med SpareBank 1 Nordmøre og Surnadal Næringsforening alle til lunsjkonferansen «saman for Surnadal» i SpareBank 1 Nordmøre sine lokalar på Skei. Live K. Edvardsen, Ivar Næss, Endre Volden var innleiarar på konferansen, medan Charlotte Audestad sto for den musikalske delen og Ole Magne Ansnes var konferansier og intervjuar.


Henning-stipendet delt ut i Storstuå i dag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. mai 2024

Da Henning Sommerro fylte 70 år fekk han som gåve frå Surnadal kommune 25 000 kroner, som han kunne gje vidare som stipend til unge talent frå Surnadal kommune. Juryen i Henning-stipendet består av Henning Sommerro, ordfører Hugo Pedersen, kulturskolerektor Torbjørn Larsen og kulturleiar Lilli Husby. I dag, under Henning-timen i Storstuå på Surnadal kulturhus vart årets Henning-stipend delt ut. Det var varaordførar Annett Ranes som delte ut stipenda. 


Stavgangarane tok turen til Bøkeskogen i Stangvik

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. mai 2024

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde i går stavgangtur til Bøkskogen i Stangvik. Søtten stavgangarar møtte opp, og fekk ein skikkeleg fin tur i det fine og varme vêret. 


Søya tok i mot Grøa på Søyabanen i kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 23. mai 2024

I kveld var Søya vertskap da Grøa kom på besøk til Søyabanen for å spele 6. divisjonskamp. Grøa har ikkje stilt eige seniorlag i fotballag på fleire tiår, men i dag kunne det «gjenoppståtte» lageg altså ta turen til Søyabanen for å spele seriekamp mot vertane. Vêret var stålande, ja, kanskje i overkant strålande for dei som skulle kjempe om ballen og poenga ute på den grøne og fine grasmatta på Søyabanen? 


Vårsøghelga: Da orgelstafetten kom til Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. mai 2024

Dagens orgelstafett i Todalen kyrkje var eit samarbeid mellom Vårsøghelga, NTNU og kyrkjesokna.  I løpet av dagen er det arrangert orgelkonsertar i Mo kyrkje, Øye Kyrkje og Åsskard kyrkje i tillegg til her i Todalen kyrkje.  Det er tilsaman 4 orgelsolistar som «turnerer» Surnadal kommune, og her ar det Patrick J. Pöppel og Johannes Høyland som sørga for orgeltonar til eit tjuetals tilhørande. 


Skogbrannfare på oransje nivå i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 23. mai 2024

I ei pressemelding frå Surnadal kommune no på føremiddagen, blir vi informert om at det er oransje farevarsel for skogbrann i Surnadal kommune. Farevarselet betyr at det er høg sannsynlegheit for skogbrann, og at ein eventuell brann kan bli så stor at den er vanskeleg å handtere.