Bli med stavgangarane til Haltbakken!
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur torsdag 16. mai klokka 11:00. Stavgangturen denne gongen går til Haltbakken.
Vi fann 3557 artiklar i dette arkivet.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur torsdag 16. mai klokka 11:00. Stavgangturen denne gongen går til Haltbakken.
Stangvik historielag minner om kulturvandring til eldre husmannsplassar i ein serie som startar tysdag 14. mai. Første turen går til øydegardane Engjan og Engslettet (gnr 41 og 42) og blir ein kveldstur tysdag 14. mai med start kl 18:00. Oppmøte ved Lia bru ved Søya, der du tek av ved Trettå. Guide på turen er […]
Fjord1 melder i kveld at rute 1061 Kvanne – Rykkjem innstiller siste tur med avgang fra Rykkjem 23:25. Starter igjen til normal tid mandag morgen.
I går kveld var det årsmøte i Todalen.no i Skulstuå i Todalen. Før det formelle årsmøtet tok til, fekk årsmøtet ei lita historisk orientering om Skulstuå i Todalen ved Ragna Kvendset. Etterpå gjekk dei ti frammøtte over til den formelle delen av årsmøtet.
I formannskapsmøtet i Surnadal sitt møte sist tysdag vart det samrøystes vedteke at Todalen Meieri AS fekk tilbod om å kjøpe Todalen skule for 1 krone. I kommunedirektøren si innstilling til formannskapet, hadde han innstilt på at Todalen Meieri AS skulle få kjøpe heile oppvekstsenteret for 650.001 kroner, men dette sa altså formannskapet samrøystes nei til. I formannskapet sitt vedtak fekk meieriet ein forkjøpsrett på Todalen barnehage, ved eit eventuelt seinare sal av denne.
Tysdag 14. mai inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Denne gongen går turen til Solemsetra. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Flessen og Solem gard, der det blir parkering.
Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 15. april klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
I går gjekk Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin første tur for sesongen, og sesongens første turmål var Glærum. Turen starta frå Kalkstranda og gjekk oppover til toppen.
Det er arrangementskomiteen si klare oppfordring, når Surnadal IL og samarbeidsparnaren SpareBank 1 laurdag 22. juni inviterer til den fjerde utgåva av Bankmila. Som tidlegare år er Bankmila delt inn i Minibankmila, som er for barna, trimklasse og tidtakingsklasse. Arrangørane oppfordrar absolutt alle i mils omkrins til å delta på «Stor-roinjt»! Løypa, som har start på Skei og går via Røtet og opp att til målgang på Skei, er rundt 10 kilometer. – Dette er eit heilt gratis lågterskelarrangement og passar for absutt alle, understrekar arrangørane. – Løypa er rask og lett å springe, seier Arne Berset. – Og det er i tillegg verkeleg god folkehelse!, legg Epen Kalkvik til.
Måndag 13.mai klokka 18:00 inviterer Nordmørsmusea til vårdugnad på Åsen bygdemuseum på Eidet. Museumsområdet skal fliast opp til vår- og sommarsesongen.
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sesongopna med tur til Høgberget i går. Heile 25 spreke turgåarar møtte opp for å vere med på årets første tur. – Av desse var det fleire nye, fortel ein nøgd Kristian Ranes i Fjellgruppa.
I dag vedtok formannskapet i Surnadal kommune samrøystes at Todalen Meieri AS får kjøpe Todalen skule. Prisen dei må betale er 1 krone. Kommunedirektøren hadde i si innstilling til formannskapet innstilt på at Todalen Meieri AS skulle få kjøpe heile oppvekstsenteret, både skulen og barnehagen for 650.001 kroner, men dette sa altså formannskapet samrøystes nei til.