Individinnitiativ
Mange rare ord og vendingar vart bruka under Surnadal kommune sin påfyllskveld for ildsjeler. Ordførar Lilly Gunn Nyheim ønska dei vel 75 påmeldte hjerteleg velkomne, før prosjektleiar Anne Saltrø Polden ønska kveldens motivator HC Medlien frå Lucky Næroset velkommen. Og for dei som ikkje kom: det var jaggu synd… Hans energi og tankevekkande utsagn og teoriar gjore at latteren satt laust og at ein fekk tenkt litt nye tankar. Desverre går det ikkje an å gjengi foredraget i rein tekst, for ein vart nærast berre sittande å nyte dette oppkommet av eit fyrverkeri.