Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Obs! Telefonar med uærlege hensikter

Elinor Bolme Sundag 18. januar 2015

Det meldes i kveld om at personar i bygda har motteke telefon frå ein mannsperson som hevdar at hjartestartaren i Todalen er ute av drift. Dette er er IKKJE tilfelle, dei fungerer begge to utan komplikasjoner.

Denne personen som no ringer rundt kan fortelje at det derfor er igangsett innsamlingsaksjon og giroer med minstebeløp 360 kroner vil bli utsendt. Både styret i Todalen Sanitetsforening, som er ansvarleg for hjertestartaren på Bordholmen og utrykningsleder Ivar Bolme i det lokale brannvesenet som har hjertestartar i brannstasjonen, melder om at begge hjertestartarene er i fin form og er ikkje delaktige i denne «innsamlingsaksjonen». Ver derfor obs på dette som liknar eit svindelforsøk, om de få ein liknande henvendelse.

 

Publisert: 18. januar 2015, 19:41