SJFF inviterer til årsmøte
Surnadal JFF inviterer alle sine medlemmer til sitt årsmøte på Thon Hotel Vårsøg 1. mars kl 1900. Saker ein ønskar behandla på årsmøtet må være sendt til styret innan 15. februar.
Vi fann 3680 artiklar i dette arkivet.
Surnadal JFF inviterer alle sine medlemmer til sitt årsmøte på Thon Hotel Vårsøg 1. mars kl 1900. Saker ein ønskar behandla på årsmøtet må være sendt til styret innan 15. februar.
Tre nye filmar på Surnadal kino denne helga; og alle er spesielle på sin måte!
Som herr Feng, ei søt og uskuldig mus som viser seg å vera ein heilt vill meister i Kung-Fu. Han skal hjelpe ekornet Egon og andre dyr med å hindre at den sleske borgarmeisteren øydelegg parken dei bur i. «Det elleville nøttekuppet 2» (6 år) går frå i da fredag 19. januar.
Skigruppa i IL Søya inviterer til sonerenn laurdag den 27. januar kl. 11.00 på Vang Skiarena. Påmelding med navn, klubb og fødselsår sendas på SMS til Torill Bye tlf. 932 55 282 før kl kl.09.30 renndagen .
Siste året har Stangvik, Todalen og Åsskard vore utan eigen prest. Difor er det med glede desse kyrkjelydane no tek imot sin nytilsette prest Kristin Strand. Søndag startar ho med gudsteneste i Åsskard.
Norske forfattarar er mest populære for dei vaksne, mens dei unge helst vil krype oppi i trehusa. Surnadal folkebibliotek har funne fram til kva som var deira mest populære bøker i fjor, og det var Edvard Hoems utvandringshistorie som toppa på totale utlån. Den tredje boka i serien, «Land ingen har sett», er registrert med totalt 32 utlån.
Mellom 800 og 900 har så langt sett «Den 12. mann» på Surnadal kino. 17. januar går den som «onsdagstreff». Filmen om Jan Baalsruds dramatiske flukt ligg an til å bli av dei best besøkte i år. Filmen blir difor sett opp laurdag 13. januar (kl. 14) og som «onsdagstreff» 17. januar (kl. 13).
IL Søya har allerede starta med sine skiaktiviter på sin Vang skiarena. Barn i løypa har vore arrangert dei to siste torsdagane og held fram så lenge det er føre til å gå på ski fortel Torill Bye i skigruppa hos Søya. I tillegg startar dei opp med skileik for barn i skulealder førstkommande tirsdag. Dette er først og fremst eit tilbud for dei minste barna og vanskelighetsgrad vil bli lagt opp etter 1.-4.klasse-nivå.
Filmen «Den 12. mann» har vore så populær at kulturhuset no sett opp enda fleire framsyningar. Filmen blir difor vist torsdag 11. januar (kl. 13 og 20.30) og laurdag (kl. 14) i tillegg til dei forestillingane som allereie ligg inne (onsdag kl. 20.30, og som «onsdagstreff» 17. januar).
Det var på det næraste kaos i Åsbøhaugane i dag tidleg. Det vart stopp for fleire bilar som hadde problem med å komme opp bakkan frå Søyåbrua og opp til Åsbøen, fortel Terje Nordvik som hadde slepa opp eit par bilar i dag tidleg.
Nytt år og nye aktiviteter skal gjennomførast i ulike lag og organinsasjonar. Redaksjonen oppfordrer derfor nok ein gong alle medlemmane av todalen.no til å sende inn sine arrangement til vår aktivitetskalender.
Vi har kåra ein vinnar til månadens bilete.
Nordmøre og Romsdal fotballkrets inviterer nok ein gong til Fotballeder 1 kurs i Surnadal. Dette er eit kompetansehevings kurs for idrettslag som arbeider med og mot kvalitetsklubbstempel. Det er krav om at dei som sitt i styret i slike klubbar må ha gjennomført dette kurset. Men kurset er også veldig matnyttig for den «almenne frivillige» som gjer ein stor innsats i eigen klubb.