Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3612 artiklar i dette arkivet.


Fotpleie

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. oktober 2019

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 28. oktober og tysdag 29. oktober. Det er mange ledige timar båe desse dagane. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så […]


Trivselskveld på Thon hotel Surnadal.

Elinor Bolme Sundag 13. oktober 2019

Onsdagskvelden 30.10. kl 19.00 arrangerer Surnadal Pensjonistlag trivselskveld på hotellet. Det blir enkel middag (oksesteik m/grønsaker) og kaffe, før vi samlast på Gladlaxen for å dansa til Trond Larsens kvartett. Vi trur det blir triveleg!


Sesongens siste turnering

Elinor Bolme Tysdag 8. oktober 2019

I helga arrangerte Surnadal Golfklubb si siste turnering for sesongen. Med heile 44 deltakere frå fire ulike klubbar påmeldt til årets «Hjorte-scramble», vart avslutninga ein suksess. Antall påmeldte deltakarar var forøvrig årsrekord, og berre under jubileumsturneringa i 2006 har det vore fleire deltakere med. 


Bli med og gjett antall trimturar!

Mari B. Redalen Sundag 6. oktober 2019

På facebooksida til Todalen.no har vi fram til onsdag ein konkurranse gåande. Her utfordrar vi lesarane våre til å gjette kor mange turar som  har vorte registrert på dei 10 trimbøkene til Todalen IL.


Legg søndagsturen til Slettneset

Elinor Bolme Laurdag 5. oktober 2019

I morgon er det igjen ope bakeriutsalg hos Karin Åsbø på Slettneset Steinovnsbakeri.  Her blir det rå å få både søt og grov gjærbakst i hyggelige omgivelsar. På menyen har dei også ulike typar kaffe og ulike drikkar frå Surf Kombucha i Trøndelag.


Årets valgte kunstnar for saniteten med utstilling

Elinor Bolme Fredag 4. oktober 2019

Todalen sanitetsforening har årleg eit kunstlotteri som dei sel loddar på frå februar til desember. Kunstnarane har stort sett så langt hatt lokal tilknytning, Årets valgte kunstnar er Marit Bergem, som er født og oppvakse på Sunndalsøra med slekt i Todalen. Ho er no busett i Sandefjord med sitt eige galleri der; Galleri M


Bli med på ein filmsnutt og vinn billett

Elinor Bolme Fredag 4. oktober 2019

I dag kjem Svarrabærje Teaterlag på Matkroken for å lage ein liten filmsnutt dei skal ha i forbindelse med revyen «Katastrof» som har premiere førstkommende torsdag. Revygjengen håpar at dugnadsånden i Todalen kunne hjelpe dei med at Todalingane stiller mannsterke opp og hjelper dei med dette.


Ein fin 14-takker

Elinor Bolme Torsdag 3. oktober 2019

Geviret til ein av dei tre store bukkane som vart teke av Toåa den 16. september i år er no preparert og hengt opp til utstilling på kommunehuset fortel skogbrukssjef Tore Gjul i ein post. Geviret heng på avdelinga for Areal- og naturforvaltning.



VI TO (er ikke Romeo og Julius)

Steinar Hasselø Torsdag 3. oktober 2019

Ryktet forteller at Eggum og Sivertsen har lagt nye planer, og tatt noen nye (gitar)grep. Og Surnadal kulturhus inngår i disse planene. Forrige gang de reiste på turné var det med stor suksess og fullsatte saler over hele landet, og nå har altså de to gitarkameratene funnet sammen igjen, og er klare med både nye og gamle sanger. 


Stengt veg ved Bruset på sørsida

Elinor Bolme Tysdag 1. oktober 2019

Surnadal kommune melder om stenging av vegen frå Bruset og ned forbi Hjellen i ettermiddag og utover kveldinga.


Kom og bli med på markeringa av eldredagen

Elinor Bolme Onsdag 18. september 2019

1. oktober arrangerer Surnadal eldreråd og Surnadal pensjonistlag den internasjonale eldredagen i Svorkasalen. Det bir orientering av Olav Rønning om den nye omsorgsboligen som kommunen skal bygge. Underhaldning av Trond Larsens kvartett undervegs.