Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein fin 14-takker

Elinor Bolme Torsdag 3. oktober 2019

Geviret til ein av dei tre store bukkane som vart teke av Toåa den 16. september i år er no preparert og hengt opp til utstilling på kommunehuset fortel skogbrukssjef Tore Gjul i ein post. Geviret heng på avdelinga for Areal- og naturforvaltning, og kan beskuast der om nokon er interessert.

Det er eitt flott 14-takkers gevir som kanskje held til gull om det blir bedømt. Geviret er preparert og montert av Nils Gjeldnes.

Slike dyr som dør utanom ordinær jakt omtalast som fallvilt. Les meir om handtering av slike på Hjortevilt.no: Ettersøk og dødt vilt.

Publisert: 3. oktober 2019, 16:56