Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3283 artiklar i dette arkivet.


Tapasaften på Pakkhuset kro

Elinor Bolme Torsdag 9. august 2018

Fredag kveld kl 19 blir det spansk tapasaften på  Pakkhuset kro. Som tidlegare år er det spanske kokkar fra  Holmatrøa som står for bevertninga.


Svorka si epostteneste avviklast 1.1.19

Elinor Bolme Torsdag 9. august 2018

Har du epost levert frå Svorka, kanskje med fornavn.etternavn@svorka.net? Ja, da må du innan 1.1.19 ordne deg med ny epost frå ein annan leverandør. Dette fordi Svorka ikkje lenger ønsker å levere denne tjenesta til eksisterande brukarar. 


Halvdan landar i Bøfjorden!

Elinor Bolme Onsdag 8. august 2018

Om ein månad er det klart for ny storkonsert på Leikarvollen scene i Bøfjorden. Da kjem sjølvaste Halvdan SIvertsen med turneen «Ennu ikke landa». Til no er ca halvparten av dei 250 billettane seld, så her er det fortsatt rå å få oppleve eit nordnorsk fyrverkeri. 


Siste ordinære veke i arboretet

Elinor Bolme Onsdag 8. august 2018

Svinviks arboret minner om at dei er inne i siste veke av sommarsesongen i arboretet for i år. Dei held ope til og med søndag 12.august, og håper at mange vil ta turen innom både hagen og kafeen desse siste dagane. Gode prisar på siste rest av salgsplanter, og gode kaker i kafeen kan dei […]



Gudstjeneste med ny organist

Elinor Bolme Sundag 5. august 2018

I dag er det gudstjeneste i Todalen Kyrkje, og ny organist er på plass. Den nytilsette er Hedda Hansen Berg og ho startar i si nye stilling i Todalen. Prest Kristin Strand ser derfor fram til ei hyggeleg gudstjeneste som også inkluderer ein barnedåp.


Månadens bilete juli

Mari B. Redalen Laurdag 4. august 2018

Her er kandidatane for juli månad. Artig med med mange kandiadatar denna gongen. Så hjelp oss og stemma fram det finaste bilete.


Kulturell vandring til Søyådalen

Elinor Bolme Onsdag 1. august 2018

Stangvik Historielag minner om turen innover Søyådalen søndag 5. august. Oppmøte ved gammelskulin oppå Eidet kl. 10.00.  Samkjøring derifrå, ingen bomavgift.


Teft og tykkje på museet i Bøfjorden

Bernt Bøe Onsdag 1. august 2018

Gunnvald Bøe kåserer om dialekt og anna godt språk på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Ny utgåve av samlinga «Teft og tykkje» blir presentert. «Teft og tykkje» er bøfjordsk for «smak og behag». Ja, meir enn det – her ligg både sans (teft) og refleksjon (tykkje) bak!


Ypperlege badeforhold I Båthølen

Elinor Bolme Tysdag 31. juli 2018

Det meldes om brukbar temperatur også i vatnet for tida. I Båthølen er det no ypperlege badeforhold for både store og små ved den fine sandstranda.


Festivalpunktum med fotballturnering på Svissholmen

Elinor Bolme Sundag 29. juli 2018

Etter i underkant 10 kulturelle innslag og opptil fleire etargilder var det på sin plass å avslutte helgas Stangvikfestival med litt god gamaldags fysisk fostring og fotball på høgste nivå. I alle fall så høgt nivå som deltakarane tillot, når Svissholmen fyltes opp med folk for siste post på programmet: fotballturnering.


Spitfireflyet skal «rekonstruerast»- har du info?

Elinor Bolme Torsdag 26. juli 2018

Surnadal hadde i junni besøk av ein overvettes ivrig Tony Hoskins som skal bidra til ein BBC-dokumentar om Spitfire-flyet som styrta på Nordmarka i 1942. Fredag 27. juli kl. 14 kjem han tilbake til Surnadal kulturhus  – og håpar med god hjelp frå surnadalingane å rekonstruere mest muleg av det spesielle flyet, melder kultureininga ved Surnadal kommune