Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trollheimsmarsjen Arkiv

Vi fann 27 artiklar i dette arkivet.


Trollheimsmarsjen – søndag 28. august

Trollheimsmarsjen – søndag 28. august

Jon Olav Ørsal Fredag 19. august 2011

Søndag 28. august skal folk valfarte over Vardan, frå Todalen over fjellet til Ålvundeidet. Trollheimsmarsjen er eit samarbeidsprosjekt mellom I.L. Ulvungen og Todalen I.L., og vart arrangert første gongen i 2008, da begge idrettslaga feira 100-årsjubiluem. Den gongen var det 239 deltakarar som starta fra Bordholmen, og som kom i mål på Leikvoll stadion etter ein fin tur opp Haukålia til Vardan og nedatt Børsetlia til Ålvundeid. Turen over fjellet er 13 km, og er rekna til å ta omlag 5 timar pluss pausar under vegs. Høgaste punktet på turen er på 850 m.o.h., men det meste av turen går i fint og tørt terreng.

Les heile saka

Den 3. Trollheimsmarsjen vel i hamn.

Den 3. Trollheimsmarsjen vel i hamn.

Elinor Bolme Sundag 29. august 2010

Dei ivrigaste starta allereie i halv 9-tida, men det var eit jamnt tilsig vidare utover formiddagen. Leiar i trimgruppa Jostein Bruset kunne beretta om god deltagelse, betre enn i fjor. 130 personar frå 1 år og oppover tok søndag turen frå Bordholmen, over Vardane til målgang på Leikvoll. Og det med vergudane på si side vart det så og seie blå himmel etter at skodda til slutt letta.

Les heile saka

Bra vêr til Trollheimsmarsjen

Bra vêr til Trollheimsmarsjen

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. august 2010

Det har vore knytta spenning til vêrmeldingane for søndagens Trollheimsmarsj. I skrivande stund ser dette lovande ut, med solgløtt og 14 varmegrader utpå ettermiddagen på nettsida til Meteorologisk institutt. Med søraustleg vindretning på 2-3 meter i sekundet vert det nok bra tilhøve for turen over fjellet. Du kan halde eit auge med vêrmeldingane for Vardan ved å klikke […]