Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sokneråd Arkiv

Vi fann 468 artiklar i dette arkivet.


Konsertar med P17: «Stjerne over livet»

Innsendt materiell frå Bernt Bøe/P17 Tysdag 26. november 2024

Vakre tonar til tidenes «breaking news» sprer stjernelys i mørketida. Konsertar i Todalen og Åsskard komande søndag vil bidra til høgtid. Todalen kyrkje kl.15, Åsskard kyrkje kl. 19.30
 Førjulstida er fylt av forventning, lys og musikk. Glade tonar frå Jingle Bells til Bach omgir oss. Og vi treng dette fargerike mangfaldet! 


Tips om førstehjelp ved sorg

Jon Olav Ørsal Måndag 4. november 2024

Mange opplever det store sjokket som det er å miste nokon dei er glad i – enten det er ein nær venn eller nokon i familien.  Kyrkjekontoret har bearbeiding av sorg på dagsorden, og laga ei brosjyre med mange gode tips som kan gjera det litt lettare å vera til stades for menneske i sorg, fortel kateket Gro Venås ved kyrkjekontoret i Surnadal.


Helgemessegudsteneste samla mange

Jon Olav Ørsal Sundag 3. november 2024

Dagens gudsteneste i Todalen kyrkje samla mange tilhøyrarar, og fekk «drahjelp» frå deler av P17-koret som nok var med og løfta salmesongen til glede for oss alle.  Helgemessa – eller allehelgensgudstenesta skal hjelpe oss å minnast dei som har gått ut av tida det siste kyrkjeåret.  Derfor var det minnestund og lystenning, og det var høve for alle til å tenne lys og sette i lysgloben.


Helgemesse i kyrkja

Innsendt av Bernt G. Bøe Onsdag 30. oktober 2024

Både vemod og lys pregar gudstenestene denne helga. Helgemesse – Allehelgens – er ein søndag med mange minne og sterke tankar.
Fast ledd er lystenning for kvar av dei som døde siste året. Pårørande får særleg invitasjon til kyrkja, der gudstenesta startar til vanleg til kl 11 i Todalen kyrkje.


Songkveld i Todalskyrkja

Innsendt av Bernt Bøe Måndag 30. september 2024

Med allsongen i sentrum og forsamlinga som hovudaktør inviterer koret P17 onsdag til «Kyrkjesongkveld» i Todalen.  – Salmeboka er vår rikaste skatt av poesi og melodiar mellom to permar, seier korleiar Bernt Bøe. – Og snakk om breidde: Her svingar det frå bedehus til tempel, frå tango til hymner!


No blir det minnelund på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Fredag 6. september 2024

I går starta arbeidet med den planlagte minnelunden på kyrkjegarden i Todalen.  Soknerådet i Todalen har jobba i fleire år med planlegging og finansiering av prosjektet som no er i gang.  Det er soknerådet saman med Per E. Gjeldnes Maskin som no har starta jobben.


Tok i mot ny prest og nye konfirmantar

Jon Olav Ørsal Sundag 1. september 2024

Flott salmesong og triveleg gudsteneste tok i mot nypresten og neste års konfirmantar i kyrkja i dag. Den nye soknepresten Pål Arne Winsnes hadde si første gudsteneste i Todalen i dag, samtidig som kyrkja tok i mot dei to nye konfirmantane som skal konfirmerast 10. mai neste år, og som no skal starte konfirmantopplæringa.


Søndag: Gudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Fredag 30. august 2024

Komande søndag er det gudsteneste i Todalen kyrkje. Dette blir premiere for nypresten Pål Arne Winsnes her i kyrkja, og vi reknar med at menigheita tek i mot nypresten med god salmesong. 
Organist er Bernt Bøe og Randi V. Bøe er klokkar/tekstlesar.  Takkoffer denne dagen går til Misjonsprosjektet i Etiopia.


Stor kyrkjedag med ny prest og ny organist

Innsendt av Bernt G. Bøe Fredag 23. august 2024

Søndag tek kyrkja i Surnadal imot Pål Arne Winsnes som ny prest og Amund Valde som nytilsett organist. Begge fyller langvarige tomrom. 


Populær friluftsgudsteneste i arboretet

Jon Olav Ørsal Sundag 18. august 2024

Søndag arrangerte Todalen sokneråd tradisjonell friluftsgudsteneste i arboretet.  Soknerådet har god erfaring med å arrangere friluftsgudstenester, og skryter av godt frammøte.  I dag var det rundt 60 som tok turen til Svinviks arboret, der det var rigga til med provisorisk alter og ringeklokke i hagen. 


Inviterer til «utegudsteneste» søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 17. august 2024

Todalen Sokneråd inviterer til «utegudsteneste» i Svinviks arboret søndag 18. august klokka 11:00. Liturg denne søndagen er prost Vidar Rygh, medan Bernt Bøe er organist. 


Stor stemning og fantastisk song

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 30. juni 2024

Kjell Gunnar Polden har sendt oss ein liten rapport frå gudstenesta i Todalen kyrkje søndag. Kjell Gunnar skriv:  «Gudstenesta søndag handla om å vera utsending for Jesus, opprinneleg dei tolv apostlane. Det dei starta med vart eit nettverk som i høgste grad eksisterer enda i dag. Det har nådd ut til milliarder, og prost Vidar Rygh poengterte at den stafetten skal vi vera med å bringe vidare».