Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening Arkiv

Vi fann 864 artiklar i dette arkivet.


Tysdag: Føstehjelpskurs på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Fredag 2. september 2016

Førstkomande tysdag, 6. september kl.18.00, blir det føstehjelpskurs på Bordholmen. Det er beredskapsgruppa i Todalen sanitetsforening som er arrangør, og dei oppfordrar alle brukarar av Bordholmen, samt bygdafolk elles til å bli med på kurset.


Oppstart med strikkekaffe igjen

Elinor Bolme Måndag 29. august 2016

Todalen Sanitetsforening startar førstkommande laurdag den 3. september oppatt med strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.


Ræta Opp – jubilerer med rekorddeltaking?

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. juni 2016

Det er i år 5. gong at mosjonsløpet Ræta Opp blir arrangert i samband med Todalsdagen. Vi håper på rekorddeltaking på ”jubileumsløpet”, seier Ingvild Kårvatn som er initiativtakar for mosjonsløpet. Det unike med mosjonsløpet Ræta Opp er at inntekta av startkontingenten går uforkorta til ei veldedig sak. I år er det ”Sjukt sprek”-prosjektet i Trondheim […]


Ny runde med fotterapi

Elinor Bolme Tysdag 21. juni 2016

Fotterapaut Pan Hoset kjem mandag den 4. juli på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Det er fortsatt Marit Sanden Søyset som tek i mot bestilling på time. Ho er å treffe på telefon 980 36 391.


Aktuell Drivadebatt

Dordi Jorunn Halle Fredag 27. mai 2016

For femte året på rad inviterte DRIVA og laget Vårsøg til debatt. Temaet i år var kroppshysteri og følgjene av dette. Svorkasalen var fullsett da redaktør Tjelle ønska velkomen til debatt, han var gledeleg overraska over at så mange hadde møtt fram i finveret. Tydelegvis er temaet aktuelt, og arrangørane hadde skaffa eit breitt samansett, […]


Førstehjelpskurs AVLYST

Elinor Bolme Måndag 9. mai 2016

Grunna kolliderande kursing for ambulansepersonellet ser omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening seg nødt til å utsette morgendagens planlagte førstehjelpskurs på Bordholmen.


Førstehjelpskurs

Dordi Jorunn Halle Laurdag 7. mai 2016

Tysdag 10. mai klokka 18.00 blir det kurs i førsthjelp på Bordholmen. Det er omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening som er arrangør.


Blomster med lang tradisjon

Jon Olav Ørsal Fredag 6. mai 2016

Maiblomsten har tradisjon heilt attende til 1909, og har nok vore tilbydd i Todalen sia 1916 når Todalen Sanitetsforening starta. Denne helga har Saniteten stand på Matkroken for tilby årets maiblomst i fleire variantar. Fredag føremiddag var det Karit Kvendset som tok sin tørn, men det blir folk der både i dag og laurdag, og inntekta går til arbeid for born og unge, fortalte Kari.


Russetreff med ønske om ei festleg og trygg russetid

Dordi Jorunn Halle Onsdag 27. april 2016

No har russen i Surnadal alt klart for russefeiringa som startar med «dåp» utanfor Kulturhuset laurdag. Da får ordførar Lilly Gunn Nyheim æra av å vere «prest». Surnadal Sparebank er hovedsponsor for russen, og onsdag etter skuletid inviterte dei russen til treff i banken.


Årsmøte i NKS Møre og Romsdal – Elinor Bolme held fram som leiar

Dordi Jorunn Halle Måndag 25. april 2016

Sist helg heldt NKS Møre og Romsdal årsmøte i Molde. Litt over 60 engasjerte sanitetskvinner frå vel 20 lokallag møtte til det 73. årsmøtet i fylkesforeininga – eit inspirerande og godt årsmøte i følge leiar i Todalen sanitetsforening Maren Ansnes.


Både innsamling og dugnad unnagjort

Elinor Bolme Onsdag 20. april 2016

I går ettermiddag hadde Todalen Sanitetsforening si årlege innsamling av kleder til Estland i Sanitetshuset. Mange kom, men det vart nok ingen rekord som tidlegare år denne gongen. Men nesten 80 sekkar innkome gjer likevel nytta for dei som ikkje har like stor overflod i Estland som oss her heime.


Klesinnsamling også i år!

Elinor Bolme Sundag 17. april 2016

Todalen Sanitetsforening arrangerer også i år innsamling av kleder til Estland i sammarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll fra Rindal. Dato er i år sett til tirsdag 19. april frå kl 17-20 i Sanitetshuset.