Triveleg på Fredrikkekaffe
Mange tok turen innom Sanitetshuset laurdag ettermiddag; det er kjekt å møtast til triveleg samvær og kaffelag. Strikkepinnane gjekk flittig; her vart det strikka både kjolar, teppe, vottar, lestar, kofter og kopptuer.
Vi fann 942 artiklar i dette arkivet.
Mange tok turen innom Sanitetshuset laurdag ettermiddag; det er kjekt å møtast til triveleg samvær og kaffelag. Strikkepinnane gjekk flittig; her vart det strikka både kjolar, teppe, vottar, lestar, kofter og kopptuer.
Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 6. april i tidsrommet 13.00 – 16.00. Her er alle velkomne til sosialt samvær med eller utan handarbeid.
Sanitetsforeninga minner om at det er Kløvertur måndag 1. april. Oppmøte ved Hals og start derifrå kl. 11.00.
Har enno til gode å treffe den personen som ikkje likar nystekte bakels, og den trefte vi heller ikkje i dag. Det var nok ei hyggeleg overrasking å bli påspandert bakels til kaffen på Matkroken i dag. Alt frå starten var det god respons da dagens 10-kaffe fekk ekstraforpleining med handelmann Nordvik.
Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 23. mars i tidsrommet 13.00 – 16.00. Her er alle velkomne til sosialt samvær med eller utan handarbeid.
Torsdag kveld var eit 20 tals medlemmar i Todalen sanitetsforening samla i sanitetshuset for månadens medlemsmøte. Kvelden bydde på fleire overraskelsar for dei frammøtte, deriblant framsyning av den splitter nye fanen som var bestilt for ei tid tilbake. Dette har vore eit sakn for foreninga, som no ser fram til debuten i årets 17. maitog.
Måndag 11. mars var det ny vri på Kløverturen i Todalen sanitetsforening – da var det invitert til innetrim i Sanitetshuset med fysioterapeut Ingrid Kvendset Ulset som instruktør.
Måndag 11. mars kl. 11.00 inviterer Todalen sanitetsforening til trimøkt i Sanitetshuset. Fysioterapeut Ingrid Kvendset Ulset er instruktør. Det blir trim både for vaksne og godt vaksne, både for dei som stiller på Kløvertur og Rusletur og alle andre interesserte som ønskjer gode trimtips!
Kløverturen denne veka gjekk frå Snøya og utover til Gammelvegen og ned til Svinvika. Her var det fint å gå, heldigvis ingen glatte vegbitar lenger.
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 4. mars. Denne gongen blir det ur ute i Gammelvegen, og turen blir avslutta med kaffepause på Myklebu. Oppmøte på Hals kl. 11.00, samkjøring derifrå utover i retning Kammen.
Sjølv med spennande VM-dagar i Seefeld og mange norske medaljar var det stort oppmøte på Fredrikkekaffeen laurdag ettermiddag. Rett nok skal det seiast at somme kom etter at Therese og Ingvild hadde gått i mål på 3-mila. Bra at folk kan vera engasjerte i mange og ulike saker!
Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 2. mars i tidsrommet 13.00 – 16.00. Her er alle velkomne til sosialt samvær med eller utan handarbeid.