Ein fin tur for store og små
Ikkje så alt for mange tok turen til Bruset for å bli med på dagens tur til Storhaugen og rundt til Fosstrøinn arrangert av trim-, ski- og friidrettsgruppa. Ingen av dei frammøtte gjekk oppsett rundtur, men dei aller fleste tok derimot den fine turen inn til Fosstrøinn langsmed elvakanten.