Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnadsinnspurten – klart for Todalsdagen 2016

Jon Olav Ørsal Fredag 1. juli 2016

I kveld var det ny dugnadskveld med førebuing til Todalsdagen. No i kveldstimane har det vore arbeidd på fleire plan, med oppsetting av telt, merking av baner og plassering av reklameflagg og målstativ på til saman 5 baner. I tillegg er storgrillen på plass og det er rigga til salsutsyr og fylt opp med varer, så alt er klart til morgondagens arrangement…..

DSC_1804

Det veks oppiatt med dugnadsfol – her sørger Marit Ingeborg og Eivind for ein haug med bakels til dugnadsgjengen. foto: Jon Olav Ørsal

I kiosken og uteområdedet er det rigga til for salg av kioskvarer og grillmat. Todalsdagen er berømt for sine grilltallerkener og eksotisk grillmat. kan berre nemne at det er laga 600 grillspyd og 400 vårruller som er inspirert av både det thailandske og philipinske kjøkken. I tillegg er det førbudd massevis av gilltallerkener, laksepakker er gjort klare for grilling og sjølvsagt varmepølser og burgere med brød.  Eit lag «kokkelag» har jobba på kjøkenet i ungdomshuset og eit heime hos Karin Halle, så no står det berre att å fyre opp grillen laurdag morgon.

DSC_1809

Magne Hansen er speaker i år, som alle andre år. Fredag hadde han jobba med å legge inn alle kampane på den berømte klokka si – så han kjem til å halde oversikten over alle fotballkampane gjennom dagen. Foto: Jon Olav Ørsal

Elles er det sett opp telt – eit stort telt som skal være kafeteria og eit som skafungere som sekretariat for fotballcupen og for Ræta Opp. Speaker Magne Hansen stakk innom for å forsikre seg om at alt var klart – han fortale at han var ferdig med å programmere inn alle kampane på klokka si, så han kjem til å passe på at laga er klar til kampen startar og følge opp kvar enkelt kamp gjennom dag – minutt for minutt.

Vi har laga eit bildegalelri frå kveldens dugnad som du finn nedafor.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. juli 2016, 22:41