Revygjengen i full gang med øving til 3. juledag
Det blir revy 3. juledag i år, og, – revygjengen er i full gang med intense øvingar i Ungdomshuset. Revygjengen tel i år 11 personar, ein godt innarbeidd gjeng med godt humør.
Vi fann 1794 artiklar i dette arkivet.
Det blir revy 3. juledag i år, og, – revygjengen er i full gang med intense øvingar i Ungdomshuset. Revygjengen tel i år 11 personar, ein godt innarbeidd gjeng med godt humør.
Det vart ei triveleg førjulssamling i ungdomshuset søndag. Krafttak for kratt var dagens tema, og jammen vart det eit krafttak. Rundt 25.000 blanke kroner kom inn til aksjonen som skal settast i gang når det lir til vårs. Da skal krattskogen til pers. Kjøkkengjengen fikk salg på 80-90 porsjonar med saltkjøtt og kårabistappe, og det var god stemning og praten gikk lett rundt borda…..
Fotballgruppa i Todalen lL melder i dag om årets happening i Todalen Ungdomshus tirsdag 27. desember. Også i år blir det 3. dagsfest eller julerevy . Revygruppa skal være godt i gang med årets produksjon; både sketsjar og songar er produsert. Det kjem også gjesteartister frå andre revygrupper i kommunen, og arrangørane lovar at underhaldninga blir meir variert og enda artigare enn nokon gong tidligere.
Etter værmeldinga har det vore varsel om høg vasstand i dag, med 50 cm over normal vasstand her på Indre Nordmøre. Men det vart slett ingen rekord, sjølv om det etter kvart vart mykje vatn
Posten har oppgradert avdelinga for Post i butikk på Matkroken Todalen, meir tidsriktig og praktisk innreiing som gjer det meir praktisk og lettvint for oss som jobbar i butikken, fortel hndelsmann Nordvik som viser fram det den nye postkroken og det nye utstyret dei har fått for å betjene kundane.
I morgon laurdag blir det muleg å sikre seg årets finaste julegave på L.Hals Då blir det salg av dei nye og eksklusive Todalen IL-skjef. Idrettslaget vil sitte på butikken fra kl 1000 til kl 1600, eller så langt behaldninga rekk.
I mange, mange år – meir enn ein generasjon har Hjortfesta vore eit høgdpunkt å sjå fram til i slutten av november. Hjortfesta har vore ein av dei store inntekstkjeldene til Todalen idrettslag gjennom ei årrekkje – dei siste åra har arrangementet gått på underskot, og vore ei økonomisk belastning for laget.
Etter kvart som det blir mindre uteaktivitet er det viktig å kome i gang med litt innetrening i gjen. TILs treningsstudio – Hett & Svett – står der og har mykje ledig kapasitet. Måndag kveld var det lagt opp til info-kveld, med opplæring og instruksjon i bruk av utstyret med Ola Eina Øyen.
Dei to siste åra har det etter initiasjon frå Todalen sanitetsforening, vore samarbeid mellom fleire lag i bygda om eit arrangement kalla Førejulstreff eller Internasjonal-kaffe i Ungdomshuset. Intensjonen har vore at alle todalingar og spesielt dei nyinnflytta skulle inkluderast under eit uformelt kaffelag med smakar frå forskjellige land, litt underhaldning og så bortetter. Evalueringane viser at dette ikkje har vore dei aller sveraste arrangementa i historia, så no tenkjer lag og foreningar i bygda nytt.
Fotballgruppa i Todalen IL vasker ned Hett & Svett onsdag 19.oktober mellom kl 1800 og 2100. Trimrommet vil være stengt mens det vaskes melder idrettslaget.
Torsdag spela Søya/Todalen J 10 siste kampen sin for sesongen 2016. Det var Sunndal J10 som var gjestelag på Bordholmen denne fine, men litt kalde haustkvelden.
Kl 18 i kveld er det fotballkamp på Bordholmen mellom J10 Søya/Todalen og Sunndal. Møt opp og hei på dei lokale jentene. Det blir også muligheiter for ettermiddagskaffe med graut og bakels.