Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full fart på isen

Elinor Bolme Sundag 12. februar 2017

I helga har det vore stor aktivitet på Bordholmen med den fine skøyteisen som ivrige karar har anlagt. Sidan det er minimalt med snø i bygda og utenkjeleg å arrangere skileik på Tjønnmyra inviterte like godt skigrupa til skøyteleik på Bordholmen i dag. Ungar og vaksne dukka opp og held det gåande i timesvis. Både med og utan skøyter.

Andre tok turen på Todalsfjorden der sjøisen no har lagt seg og måler omlag 15-20 cm. Mange hadde med seg fiskestong og fekk prøva fiskelykka. Isen ligg heilt ut til Nordvik og om kulda hadde heldt seg framover ville vi nok fått at valfarten som vi hadde på januar i 2013. Men med mildvêr i sikte i kommande veke blir nok isen snart utrygg å ferdast på.

Under er eit lite bildegalleri frå dagens aktivitetar på land og på vann. Foto ElinorB

Publisert: 12. februar 2017, 20:19