Trimtur til Ansnessetra
Trimgruppa i Todalen idrettslag arrangerer trimturar onsdagskveldande i juni, og onsdag 13. gjekk turen til Ansnessetra. Turleiar var Jorunn Nordvik.
Vi fann 1808 artiklar i dette arkivet.
Trimgruppa i Todalen idrettslag arrangerer trimturar onsdagskveldande i juni, og onsdag 13. gjekk turen til Ansnessetra. Turleiar var Jorunn Nordvik.
I går kveld møttes Surnadal/Søya/Todalen til kamp mot Tingvoll/Straumsnes i G16 serien på Bordholmen. Tingvoll/Straumsnes tok leiinga frå start og hadde rimeleg kontroll gjennom heile kampen. Desse gutane er del av ein enda større stall, som stiller lag i både 7’er og 11’er klassen. Kveldens kamp var i 7’er spel.
Også i dag er det fotballkamp på Bordholmen. Da er det Surnadal/Søya/Todalen som får besøk av Tingvoll/Straumsnes i klassen G16. Dei skal spele 7’er, og startar klokka 19.
I dag var 54 lokale fotballag samla på Syltøran stadion til årets SIL regncup og Dråkongcup 2018. Surnadal IL har lagt tilrette for at jentelaga skal kunne møte lik motstand, og arrangerer derfor rein jenteturnering. I år med 22 påmeldte lag. Den tradisjonelle SILregncupen er for gutte- eller blandalag. Her var det 32 deltakande lag.
En solfylt dag i godt lag med kaffe og bakels på Skihytta i dag. Tørt og fint var det å gå dit. For de som ikke har gått opp til Tårnet etter hogsten i vinter, var starten på turen også en ny opplevelse.
Stikk UT!-kontakten i Surnadal kommune, Norunn Holten, melder at det no er opna for registrering av turkode i Bjøråskaret:
I går kveld fekk Søya/Todalen besøk av Tingvoll i klassen gutter 10 år på Bordholmen. Til no har dei lokale gutane møtt litt sterkare motstand, så dei øyna håpet om seier mot eitt av dei to Tingvoll-laga dei møter i serien. Heimelaget tok leiinga ganske tidleg, men Tingvollgutane held følgje slik at det sto 3-3 til pause.
Ski og friidrettsgruppa melder om storveies oppslutning på sesongens første lagseriestemne. Over 20 ungar med stort og smått møtte opp på Bordholmen for å delta i dei ulike friidrettsgreinene. Her var det både lengde, liten ball og 60 meter på programmet før dei populære trøbilane vart henta ut frå redskapshuset. Litt sur og kald vind […]
Trimgruppa åpnar trimsesongen med ny trimbok og kveldstur til gapahuken i Gunnøya onsdag. Dette er ein tur som kan starte i begge endar: både frå Bordholmen eller frå Bønnavollen, og går etter deler av det som skal bli Toåa Tursti. Ein kan gå fram og tilbake eller gå den som rundtur. På fellesturen er det oppmøte ved Bordholmen kl 18.30.
Også denne veka er det kamp på Bordholmen. Denne gongen er det G10 Søya/Todalen som møter Tingvoll B kl 18 onsdag kveld.
Måndag klokka 18 er det klart for årets første lagseriestemne. Denne aktiviteten er det ski- og friidrettsgruppa som arrangerer, og dei oppfordrar store og små til å ta turen på Bordholmen denne kvelden. Leiar i gruppa er i år Gunnar Nordvik.
I morgon er det nok ein storkamp på Bordholmen. Da møter Søya/Todalen Rindal 1 i klassen J10.