Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eiga t-skjorte blir lansert på Todalsdagen

Elinor Bolme Tysdag 19. juni 2018

På Todalsdagen blir den splitter nye todalsskjorta lansert. Dette er ei T-skjorte som no er under produksjon og som er venta å ankomme Todalen til neste laurdag. Det er prosjektgrupa i Toåa tursti som står som utviklar og bestillar, og inntekta vil derfor gå til tutrstien fortel Michal Heimlund. Og ideen kom under den vellykka basaren på mai, der Torkjel Ansnes Moe meinte at vi absolutt skulle ha hatt eie eiga todalsskjorte. -Ein kjempeidé, som vi dermed har fått realisert i samarbeid med Stig Husby på Amfi Kreativ, fortel Michal.

Skjorta blir å få i to ulike variantar; ein herremodell og ein damemodell. Damene kan naturleg vis få kjøpe herremodellen og motsatt, men damemodellen er litt innsvinga så det kan kanskje være at dei fleste karane vel herremodellen, trur Michal.

Herremodellen (eller unisex) har farger som går i turkis og fås i størrelsar frå S-XXXL.

Damemodellen,(med innsving som ikkje vises her) får ein kjøpt i størrelsane S-XL.

Skjortene er av god kvalitet, med ein eigen TODALEN-ordsky med mange ord og namn som vi forbind med bygda vår. Prisen blir sett til 250,- pr skjorte, og vi har KUN 210 stk, så vi reknar med at salgsstanden vår på Bordholmen neste laurdag vil bli godt besøkt, seier Michal.

Publisert: 19. juni 2018, 22:00