Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1770 artiklar i dette arkivet.


Stor takk til Gudmund, som har laga nye årer til ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. juni 2024

Gudmund K. Kvendset, som er godt kjent for sine mange fine kjøkkenreiskap og andre produkt laga av tre, har laga nye årer for bruk ved åresal i ungdomshuset. Gudmund har, heilt gratis, laga 200 nye årer av tolle. Desse vil no erstatte dei gamle årene, der dei eldste er langt over femti år, og har såleis gjort sitt. 


Lyst til å bidra før eller under Todalsdagen?

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 1. juni 2024

Todalsdagen laurdag 29. juni er ei viktig inntektskjelde for Todalen Idrettslag. Sjølv om det meste er på plass til arrangementet, men om du har lyst til å bidra før eller under sjølve Todalsdagen, så er det fullt mogleg. 


Bli med på Ræta opp!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 31. mai 2024

Under Todalsdagen 29. juni, blir det også i år Ræta opp og Mini Ræta. Ræta opp startar klokka 12:30, og i år går inntekta inntekta frå startkontingenten til det nye nærmiljøanlegget til Todalen Idrettslag på Bordholmen stadion. Ræta opp har konkurranseklasse og trimklasse, og løpet er rundt 3 kilometer langt. Premie til dei beste i konkurranseklassen, og uttrekkspremiar i trimklassen.  


Todalsdagen 2024 nærmar seg

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. mai 2024

Laurdag 29. juni inviterer Todalen Idrettslag til den 32. Todalsdagen på Bordholmen stadion. I går var leiarane i dei forskjellege komiteane samla til møte for å legge siste handa i planleggingsarbeidt for Todalsdagen 2024. Programmet syner at det blir ein tradisjonell dag, der den rutinerte komiteen verkar å ha full kontroll på alt bortsett frå vêret!



Da er Toåa tursti reparert etter uvêrsherjingane

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. mai 2024

Som kjent, så fekk Toåa tursti «vaska» bort ein del av toppdekket på delar av turstitraseen under uvêra vinteren og hausten 2022. I dag har Carsten og driftsleiar i Toåa tursti, Ivar lagt på nytt toppdekke på dei plassane der uvêra i 2022 vaska dette bort. Det var Per E. Gjeldnes maskin som leverte og lasta grusen.  


Andreas Brøndbo blir ny kontaktperson på Todalen Camping i år!

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 22. mai 2024

Todalen Camping, som er lokalisert ved Bordholmen stadion og driven av Todalen Elveeigarlag gjennom ein samarbeidsavtale med Todalen Idrettslag, vil i år opne frå fredag 31. mai. For booking, ta kontakt med Andreas Brøndbo på telefon 401 00 296! 


Todalen Idrettslag sitt nærmiljøanlegg er med på «Klubben i mitt hjerte» sin spleis

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 18. mai 2024

Todalen Idrettslag sitt nye nærmiljøanlegg, som er under bygging på Bordholmen stadion er no med i I ein Spleis gjennom «Klubben i mitt Hjerte» Her kan folk gjennom å bli med på spleisen bidra økonomisk til det nye nærmiljøanlegget. Alle pengane som blir samla inn gjennom spleisen, går til å kjøpe fleire delar til idrettslaget sitt eksisterende vant, da dette nor har blitt litt for lite i høve til det nye dekket som er lagt.


Kjempefin dag for feiring av nasjonaldagen – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 17. mai 2024

Med blå himmel og sommartemperatur frå morgonen av var alt duka for ei vellukka feiring av nasjonaldagen her i Todalen.  Programmet var på mange måtar tradisjonellt med biltog eller «skrommeltog» som det vart kalla før.  Fortsettelsen var også tradisjonell med frukostservering i Todalen ungdomshus, men vidare vart det ein pause, før det vart gudsteneste i Todalen kyrkje kl 14, som siste post på programmet.


«Kaffekrokens venner» tek sommarferie frå innetrim

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. mai 2024

«Kaffekrokens venner» melder at dei har bestemt seg for å ta sommarferie frå trimmen på Hett & Svett, og heller trimme ute i vår og sommar. Dette inneber at det ikkje blir organisert trim fram til hausten. 


Biltog og 17. maifrokost

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. mai 2024

Todalen Idrettslag og Todalen bøgdalag inviterer, som tidlegare omtala til 17. maifeiring i Todalen. Det meste er tradisjonelt, der Nasjonaldagsfeiringa startar med biltog frå Matkroken Todalen klokka 10:00, og påfølgande frokost og kaffe med kaker i Todalen ungdomshus klokka 11:00. Ei endring i år i høve til tidlegare år, er at det ikkje blir folketog etter kyrkja. 


Måndagstrimmen på sykkel

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2024

Kvar måndagskveld er det trim for denne gjengen – vinters tid skjer det på «Hett & Svett» eller på Tjønnmyran, men på slike fine kveldar som i går kveld så tek dei sykkelen og langdevegen fatt. I går kveld gjekk turen først rundt bygda om Bruset, og så vidare utover strandavegen til rasteplassen.  Tilsammen rund 20 km totalt – og passeleg kveldstrim.