Det er riktig så triveleg å treffe så mykje folk når ein går Storrundt!», – det var omkvedet under «Romjulsmarsjen» i Todalen 4. juledag. Og det var kjøle mykje folk som var ute og gjekk, nesten 150 personar! Folk var glade for å treffe naboar, kjenningar, utflytta todalingar og andre som var på besøk og tok ein runde bygda rundt! Det vart mange stopp for å helse og slå av ein prat, altså vart det meir sosialt samver enn fart og trim! Men det er riktig så mange andre dagar i løpet av året ein kan springe, jogge eller finspasere Storrundt utan å treffe eit menneske.