Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kilian Jornet med seier og ny løyperekord

Elinor Bolme Laurdag 23. februar 2019

Med Kilian Jornet på startstreken var nok forventningane til seier rimeleg høge for spanjolen som går for Romsdal Randoneekubb. Han hadde ein kjempedag under dagens NC renn på Kårvatn og tok seieren med ny løypetid på 1.26,36.   Knappe 1 minutt og 20 sekund før Hans Inge Klette (1.27.56) frå Viljar IL. På tredjeplassen kom Vegard Øye (1.28,49) også frå Romsdal RK.

Kilian Jornet cruisar inn mot mål.

I dameklassen var dei svenske jentene Johanna Åsström ( 1.27.11) og Fanny Borgstøm (1.27.43) overlegne og tok dei to første plassene før Stine-Mari Haustreis frå Tromsø Randoneeklubb ( 1.45.08), som likevel kan titulere seg som norgescupvinnar. I juniorklassen kom Trym Dalset Lødøen frå Haugen IL først i mål på tida 1.27.05, før Adrian Hauge Haugland, Voss IL og Erik Kårvatn, Todalen IL (1.45.08).

Løypa var som tidlegare år med start frå Bekkøya, opp til 1040, ned til vatna under Tydalsnebba, opp til toppen til Tydalsnebba to gonger, om 1040 og til slutt beinvegen nedatt. Totale høgdemeter på 1750. Utøvarane i dame- og juniorklassen hadde kun ein tur opp på Tydalsnebba, medan herreklassen hadde to turar.

Erik Kårvatn kom på ein solid 3. plass etter å ha hangla litt med sjukdom siste veka. Han konkurrerte mot 5 andre i klassen Junior (17-20 år) og er enno ikkje fylt 16 år! Han vil vi nok sjå meir til framover.

 Arrangørane var imponert over både deltakelsen og nivået denne gongen. I år var nesten heile eliten på plass. Særleg svenskane er kvasse i år, og da er det stas at dei kjem for å delta, seier Gudmund Kårvatn. Vi viser at «Randobygda Todalen» heil klart har sett nåla på kartet.

 Rennleiar Nils Ove Bruset frå Todalen IL og Ola Hovdenak frå Norges skiforbund er også godt fornøgd med deltakinga og gjennomføring av rennet nok ein gong. Med 40 deltakarar på startstreken i ordinære klassar og rundt 10 i trimklassane med og utan tid er ei fin auke. Nils Ove rettar ein stor takk til alle som har bidrege til nok eit kjempearrangement i regi Todalen IL. 

Her er oppdatert resultatliste: Resultatliste Randonee lørdag 23.02.2019

I morgon er det sprint med prolog klokka 11 rundt Dalahaugen og utøvarane stiller nok skjerpa til nytt renn.

Under eit bildegalleri frå målområdet.Foto Elinor B

VI har også fått tilsendt bilder frå Jo Gjeldnes som var funksjonær på Tydalsnebba.

…og til slutt bilder frå skiarenaen på Bekkøya igjen – foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 23. februar 2019, 15:17