Nyoppkjørte løyper på Tjønnmyran
Todalen idrettslag melder at det no er retteleg fine forhold for å gå på ski oppå Tjønnmyrå! Det er godt med snø, og traseen vart oppkjørt no i morgontimane.
Vi fann 1807 artiklar i dette arkivet.
Todalen idrettslag melder at det no er retteleg fine forhold for å gå på ski oppå Tjønnmyrå! Det er godt med snø, og traseen vart oppkjørt no i morgontimane.
3. dagsfest blir det, både med revy, musikk, bevertning og ikkje minst sosialt samvær. Det lovar revykomiteen som jamnt og trutt har møttes fra september for å sette i saman eit innhaldsrikt program for bygdafolket, tilreisande og alle andre som ikkje bør la dette gå i fra seg. I år fell 3. dagen på fredag, noko som dei håpar skal bidra til fullt hus denne kvelden.
Laurdag kveld inviterte Todalen IL og Todalen grendalag sine sambygdinger til julebordsfeiring i Todalen Ungdomshus. Med komite og gjestar var det no eit godt 60-tals som vart traktert med prima julemat – fleire variantar med ribbe, pinnekjøtt og mykje anna godt – og riskrem til dessert etterpå.
Etter ein lang og kald periode er det no duka for litt mildare vêr dei komande dagane. Vi kan faktisk vente oss nokre få varmegrader og søraust vindretning fram til torsdag i neste veke. Da blir det igjen litt kaldare, med nokre få kuldegrader i starten – men altså stabil sør-aust vindretning uten nedbør heilt fram til neste helg.
Det er enno ikkje for seint å bli med på julebordet i Todalen ungdomshus laurdag 23. november, fortel Nils Ove Bruset som er leiar i Todalen IL og vertskap for julebordet saman med Todalen Grendalag. Når påmeldingsfristen gikk ut var det påmeld rundt 60 deltakarar, og det teiknar til å bli eit livat arrangement seier Nils Ove. – Vi har mat og plass til nokre fleire deltakarar, så det er berre å ta med god humør og kome på julebord.
Etter to prøverundar med volleyball blir det no arrangert volleyballtrening fast på tirsdagar fram mot jul. Kl 19.30 i gymsalen på skulen.
Skøyteisen på Bordholmen var frå tidleg på formiddagen til seint på ettermiddagen invadert av ivrige unge og vaksne på skøyter i dag. Mange var nok litt gjeralause sida straumen var utkobla, og rolege inneaktiviteter var utilgjengelige. Frå klokka 14 hadde Knut Bergli annonsert enkel ishockeytrening med spisskompetanse frå Braat IL og Janis Balandis. Da vart […]
Søndag 17. november kl 14.00 er det skøytekurs på Bordholmen. Da kommer treneren til Braatt Hockey til Todalen for å gi gode råd for å bli litt bedre på skøyter. Kurset er først og fremst for nybegynnere, men alle som liker å gå på skøyter oppfordres til å bli med. Det er for barn i alle aldre.
I helga var det full fart på skøyteisen på Bordholmen. I løpet av uka har det blitt vannet godt slik at isen var grei å leike på i helga. – Søndag var det folksomt på Bordholmen, og både voksne og unge prøvde seg på isen. Og på kjøkkenet ble det laget både kakao, pølser og vafler. «Her lukter det gafler» var det en liten kar som kommenterte.
Todalen idrettslag og Todalen Grendalag inviterer alle sine sambygdinger til julebord i Todalen ungdomshus. Det skjer den 23. november kl 20.00, dermed er det klart at dei gjentek suksessen frå i fjor med lokal julebordsfeiring i Ungdomshuset. Julebordet er ope for alle, og vi trur dette blir eit triveleg kalas, med mykje god julemat og god julestemning rundt borda i ungdomshuset, seier leiar i Todalen I.L. som presenter plakaten for Todalen.no.
Det blir i morgon, onsdag gjort forsøk på å starte opp med volleyballtrening i gymsalen. Møt opp klokka 19.30, og børst støvet av gamle kunstner, helsar volleyballavdelinga i Todalen IL
Sesongens første balleik samla nesten samtlege ungar i 1. til 3. klasse i gymsalen i kveld. Her var det full aktivitet frå første minutt. Nina Ryan og Ola Dalsegg var kveldens ansvarlege, og kveldens hovedaktivitet var handball. Her var det mykje godt handballpotensiale, så med litt mer trening klarar kanskje Todalen å stille eige handballag?