Årsmøtet unnagjort
20 personar møtte i går kveld til årsmøte i Todalen Idrettslag i Todalen Ungdomshus. Leiar Nils Ove Bruset ønska dei frammøtte velkomne, før valgt møteleiar John Moe tok over.
Todalen Idrettslag har om lag 220 betalande medlemmar, og gjekk også i 2010 med overskot på vel 230 000 kroner. Dette mykje på grunn av Todalsdagen som fotballgruppa arrangerer. Fotballgruppa er ut i frå dei ulike gruppene sine årsmeldingar også den mest aktive undergruppa i laget, med både 17. mai frokost, 3.dagsfest, og nevnte Todalsdag.
Les heile saka