Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Idrettsmerketaking

Idrettsmerketaking

Elinor Bolme Tysdag 14. juni 2011

Leiar i Ski- og friidrettsgruppa, Jorid Haugen Ansnes oppfordrar alle til å komme på Bordholmen onsdag kveld kl 18 for å vere med på Lagseriestevne. Det vil da bli høve til å prøve seg på å ta idrettsmerket. Her blir det moglegheiter til å få sjekka vårformen innan både 60 meter, liten ball og stille lengde for å nemne noko. Nokre få har så smått byrja, men Jorid ønsker at enda fleire hyvar seg med.

Todalen.no lovar å stille med i allefall ein representant (utan kamera), og forventar at ski- og friidrettsgruppa gjer det same, og då gjeld det ikkje at Åshild stiller som deira representant, no vil vi sjå noko nytt…

Først publisert: 14. juni 2011, 12:00 - Sist oppdatert: 13. juni 2011, 23:01