Bakels med graut på Skihytta på laurdag
Laurdag 22. juni frå klokka 11:00 og to til tre timar utover, inviterer driftsstyret for Todalen Idrettslag si Skihytta til årets «bakelsdag», der dei serverer gratis kaffe og bakels med graut!
Vi fann 1813 artiklar i dette arkivet.
Laurdag 22. juni frå klokka 11:00 og to til tre timar utover, inviterer driftsstyret for Todalen Idrettslag si Skihytta til årets «bakelsdag», der dei serverer gratis kaffe og bakels med graut!
Økonomigruppa i Todalen Idrettslag har også i år «Sommarlotteri» i samband med Todalsdagen 2024, som blir arrangert laurdag 29. juni. Årets lotteri har sju flotte gevinstar frå Hageland, Svinvik gard, Takstmann Øyås, Norsk Kvalitetsmat, Alti Surnadal, Olav Thon Gruppen og Setra drift.
I går informerte Todalen historielag og Todalen Idrettslag om at dei hadde planer om å markere at det 30. september er 100 år sidan Alf Ramsøy vart fødd. I ettertid viser det seg at Skulstuå i Todalen også har planlagt ei slik markering, og at dei har kome lenger i planleggingsarbeidet.
Kultur- og idrettsmannen Alf Ramsøy vart fødd 30. september 1924. Todalen historielag og Todalen Idrettslag vil søndag 29. september markere at det da, omtrent på dagen, er 100 år sidan Alf vart fødd.
I treningsstudioet Hett & Svett har det pågått oppgradering av utstyr den site tida. 3 flunkande nye apparat er montert og snart klare til bruk. Dei siste par dagane har Ola Talgø, Anders Mo og Anders Todalshaug studert engelskspråklege monteringsanvisningar og sett sammen apperata som no er kjøpt inn.
På sitt styremøte måndag kveld, vedtok Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank å tildele kroner 75.000 til Todalen Idrettslag sitt nye nærmiljøanlegg på Bordholmen stadion, som er under bygging. – Dette var berre heilt fenomenalt og noko vi verkeleg sett stor pris på, seier ein særs nøgd leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme.
Todalen Idrettslag har investert i tre nye treningsapparat på Hett & Svett. For å få plass til dei nye treningsapparata må idrettslaget no selje multitreingsapparatet for å frigjere plass til dei nye. Treningsapparatet som skal seljast er eit Multigym C80 med beinpressapparat.
Gudmund K. Kvendset, som er godt kjent for sine mange fine kjøkkenreiskap og andre produkt laga av tre, har laga nye årer for bruk ved åresal i ungdomshuset. Gudmund har, heilt gratis, laga 200 nye årer av tolle. Desse vil no erstatte dei gamle årene, der dei eldste er langt over femti år, og har såleis gjort sitt.
Todalsdagen laurdag 29. juni er ei viktig inntektskjelde for Todalen Idrettslag. Sjølv om det meste er på plass til arrangementet, men om du har lyst til å bidra før eller under sjølve Todalsdagen, så er det fullt mogleg.
Under Todalsdagen 29. juni, blir det også i år Ræta opp og Mini Ræta. Ræta opp startar klokka 12:30, og i år går inntekta inntekta frå startkontingenten til det nye nærmiljøanlegget til Todalen Idrettslag på Bordholmen stadion. Ræta opp har konkurranseklasse og trimklasse, og løpet er rundt 3 kilometer langt. Premie til dei beste i konkurranseklassen, og uttrekkspremiar i trimklassen.
Laurdag 29. juni inviterer Todalen Idrettslag til den 32. Todalsdagen på Bordholmen stadion. I går var leiarane i dei forskjellege komiteane samla til møte for å legge siste handa i planleggingsarbeidt for Todalsdagen 2024. Programmet syner at det blir ein tradisjonell dag, der den rutinerte komiteen verkar å ha full kontroll på alt bortsett frå vêret!
Todalen Idrettslag har, av Surnadal kommune, fått fire «gratisbillettar» til Eliteseriekampen mellom Kristiansund Ballklubb og Sarpsborg 08 på Nordmøre stadion søndag 2. juni klokka 17:00.