Snart sesongopning i Toåa
Ved midnatt onsdag 15. juni går startskotet for fiske etter laks og sjøaure i Toåa. No er det travle tider for styret i Todalen Elveeigarlag som skal få alle detaljar på plass til fisket startar. Styreleiar Stig Husby fortel at det er eit stort engasjement og det er nok både elveeigarar og fiskarar som gler seg til at laksefisket kjem igang.