Nordvik Grendalag utsett planlagt dugnad tysdag
Styret i Nordvik Grendalag melder at den planlagte dugnad på leikeplassen i Sollia tysdag 29. april, på grunn av vêrmeldingane, blir utsett på ubestemt tid!
Vi fann 194 artiklar i dette arkivet.
Styret i Nordvik Grendalag melder at den planlagte dugnad på leikeplassen i Sollia tysdag 29. april, på grunn av vêrmeldingane, blir utsett på ubestemt tid!
Styret i Nordvik Grendalag minner om dugnaden sin i Nordvik forsamlingshus og på Øygarden i morgon, tysdag 22. apirl klokka 18:00. Forsamlingshuset skal vaskast, og på Øygarden skal gjerdet ved fotballplassen reparerast. Ta derfor med høveleg utstyr, er oppfordringa frå grendalaget.
Tysdag kvled hadde Nordvik grendalag invitert til den tradisjonelle påskebasaren i Nordvik forsamlingshus. Og det vart skikkeleg basarsøg i forsamlingshuset tysdag kveld.
Nordvik grendalag har i år eit variert påskeprogram, som består av påskebasar i forsamlingshuset tysdag 15. april klokka 17:30. Det tradisjonelle seterrettet på Nordviksetra går føre seg torsdag 17. april frå klokka 12:00 og på kvelden er det afterski med påskequiz i forsamlingshuset klokka 19:30.
Tysdag kveld hadde Nordvik Grendalag kalla inn til årsmøte i Nordvik forsamlingshus. Ifølge rapporten vi har motteke frå årsmøtet, så var det ordinære saker som stod på sakskartet og enkel servering.
Styret i Nordvik Grendalag kallar inn til Årsmøte i Nordvik Grendalag tysdag 25. februar klokka 19:00 i Nordvik forsamlingshus.
Nordvik Grendalag inviterer til tradisjonell juletrefest i Nordvik forsamlingshus torsdag 26. desember (2. juledag) klokka 14:00.
Nordvik er eit livskraftig grendesamfunn. I forsamlingshuset her møtest ofte små og store. Det gjer dei også når det er gudsteneste i adventstida. Sist søndag var det mesta fullt på alle stolane. Mange unge hjelpte prest Pål Arne Winsnes med eit tilrettelagt liturgisk program. Dei tente lys, las Juleevangeliet og andre tekster og var endatil forsongarar.
Adventstida starta med triveleg basar i Nordvik forsamlingshus, – med godt oppmøte og mange gevinstar.
Nordvik grendalag arrangerer tradisjonell førjulsbasar i Nordvik Forsamlingshus søndag 1. desember. Basaren startar kl. 18:00.
På Nordvik var det halloweenarrangement, og der tror vi det har vært både knask & knep etter som vi forstår. Fay Mossing har sendet oss bilder og info fra arrangementet
Nordvik Grendalag har med bakgrunn i vêrmeldingane, som melder mykje ruskevêr med regn, bestemt seg for å flytte Halloweenfeiringa torsdag 31. oktober til Nordvik forsamlingshus. Tidspunktet er som tidlegare annonsert klokka 18:00