Kløvertur i sol og varme måndag, medlemsmøte tysdag.
Første kløverturen etter sommarferien gjekk etter skogsvegen oppover frå Bruset i riktig godt ver!
Vi fann 9206 artiklar i dette arkivet.
Første kløverturen etter sommarferien gjekk etter skogsvegen oppover frå Bruset i riktig godt ver!
Dette blir ein drømmedag i fjellet, seier Gudmund Kårvatn, og viser til vêrvarselet på yr.no for komande helg. Da blir nemleg Kårvatn Skyrun arrangert for 5. gong, og meteorologane lover både finvêr og skikkeleg sommartemperatur for komande laurdag. I år er det fleire nye klassar, og Gudmund oppfordrar folk som har lyst på ein fin fjelltur til å melde seg på familieklassen som er 4 km. Her går turen opp Dalalia og oppå brona – og nedatt igjen
Nei, det er ingen fare! Sjølv om piratflagget heng oppe ved Holmatrøa i Bordholmskogen, så er det ingen fare på ferde. Det er berre Siri Lund og sambuar Francesc Perez Baldo som har Holmatrøa som har vore her på Todalsferie. Siri har aner frå Todalen – nærare bestemt frå Oddøya.
No er sommarpausen over og Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 14. august. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
I samband med Surnadal Open som Surnadal kunstforening arrangerte vart det arrangert utstilling i 1. etg i Surnadal Billag på Surnadalsøra. Her var det mange utstillarar som var med, og «kunstbussen» som mellom anna var innong Odd Ingar Skrøvsets atelier i Todalen avslutta runden på Surnadalsøra.
Operaen i Kristiansund og Stangvikfestivalen har denne veka arrangert sommarakademi i Prestegarden i Stangvika. Som avslutning på sommarakademiet kom heile gjengen til Todalen og arrangerte operakonsert i Todalen ungdomshus – de skjedde laurdagskvelden og konserten trekte fullt hus.
Surnadal Open er i full gang med fleire arrangement gjennom heile dagen. «Kunstbussen» starta først til Stangvik, og fortsette til Todalen og besøk hos Odd Ingar Skrøvset som har fritidsbustad og atelier på Råssåkastet i Sissigrenda. Her vart det faktisk fullt hus, men Odd Ingar tok oss med på ein interessant presentasjon av sitt liv og virke, og spesielt ei kjapp innføring i kva grafikk er for noko.
Vegatrappa gikk til topps i konkurransen om Nordlands flotteste fjelltur. Det var NRK Nordland som har nominert eit titals flotte fjellturar og laga ein konkurranse mellom lyttarane. Det var mange sterke konkurrentar som deltok i konkurransen, men sist onsdag var det altså klart at Vegatrappa gikk heilt til topps, og kapra heile 28% av stemmene. – Vegatrappa er bygd i regi av det lokale idrettslaget, medan det er selskapet Tresteg og Gunnar Almlid som står bak ideen til prosjektet som stod klart til bruk våren 2019.
Neste fredag (18. august) vil Jim-André Stene frå Trøndelag Sankeri og Kristina Svinvik på Svinvik Gard arrangere sankekurs og matopplevelse. Det er plass til 25 deltakere på kurset, og det er enna noen få plasser ledig for å bli med på kurset.
For ein månads tid sia – nærare bestemt 8. juli vart Midnattsoltrappa i Lavangen opna for publikum. Etter tre år med planlegging og jobbing var troppa klar til bruk først i juli iår. Troppa er bygd av tre, er ein meter brei og har rekkverk. Det gjer at troppa er lett og trygg å gå i, og gir eit begrensa naturinngrep. Talgø Møretre har vore leverandør av materialer til troppa, som sjølvsagt er bygd av MøreRoyal-behandla materialer.
Det var nok mange som var spent på kva som kom til å skje på «verfronten» utover kvelden og natta i går. Det var meldt ekstremvêr på orange nivå for distriktet her, men vi har nok så langt sluppet unna det verste regnvêret. Som meldt er det Østlandet som har fått det meste, og «Hans» har nok feid over landet lenger sør enn kva som var meldt frå YR.NO.
I alle media informeres det om ekstremvêret «hans» er på veg over Sør-Noreg. Det er ekstreme mengder med regn som er venta og det er stor fare både for flaum og jord/steinras. For Surnadal kommune er det orange ekstremfare.