Imponerande, Johan!
Laurdag vart Birkebeinerrennet arrangert, og på startstreken sto tre todalingar. Det var Johan Kvendset, Nils Ove Bruset og Astrid Halle. Birkebeinerrennet går frå Rena til Lillehammer og er heile 54 km. Berre ein del av deltakarane får merket, etter ei utrekna maksimaltid. Rennet er krevende og det er slett ikkje sjølvsagt at ein klarer merket. Men Johan klarte det denne gongen også, i klasse M- 70. Vi gratulerer!
Les heile saka